Her kjem avsløringa av CO2-bløffen ved Hustadmarmor

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, avviser Istad, Tafjord og Hustadmarmor si gasskraftløysing.

Istad, Tafjord og Hustadmarmor kunne nyleg presentere gasskraftverket som løyser dei fleste problema. Politikarane kasta seg over saka, så no er alle kriser løyste.

Naturvernforbundet fekk høve til å møte Hustadmarmor for eit år sidan for å gjere seg kjende med desse planane. For vi er og sjølvsagt interessert i gode løysingar når det gjeld CO2-handsaming. Vi møtte ei verksemd som tar miljøet på alvor. Det blir gjort mykje godt miljøarbeid ved Hustadmarmor, sjølv om ikkje alle problem er løyste.

Opplegget så langt Naturvernforbundet kjenner det er at det skal nyttast brent kalk som råstoff i produksjonen ved Hustadmarmor. I prosessen blir det tilsett CO2, og då får ein kalk eller marmor som produkt. Brent kalk har kjemisk formel CaO, marmor/kalk har formel CaCO3. Skilnaden mellom desse er CO2. Reknestykket er enkelt: CaO+CO2=CaCO3. Så langt er alt godt. For å lage marmor av brent kalk trengst det CO2.

Men det er som oftast ein hake, og det er det også her: Brent kalk finst ikkje i naturen. Brent kalk får ein ved at marmor/kalk blir ”brent”, dvs. varma opp til kring 1400 grader. Då blir det frigjort CO2: CaCO3-CO2=CaO. Det kan her nemnast at Norcem si kalkbrenning i Brevik er Noreg sitt 3. største punktutslepp av CO2.

Naturvernforbundet kan uansett ikkje akseptere eit gasskraftverk som nytter berre halvparten av den CO2 som eit gasskraftverk lager. Vi er også uroa over kor god utnytting av varmen eit gasskraftverk i Fræna kan få til. Eit gasskraftverk produserer meir varme enn det innbyggjarane i Fræna kan nytte i husa sine, og det er om vinteren. Gasskraftverk produserer varme om sommaren også. Då blir det vel god badetemperatur i fjorden?

Naturvernforbundet tykkjer i grunnen det er leit at vi må seie frå om dette. Det kunne Hustadmarmor gjort sjølve. I denne saka har Hustadmarmor hamna på ein blindveg, og då er det best å snu før det stoppar opp. Medaljar som ser ut som gull på framsida, men liknar aller mest på store kumlokk elles, dei bør ein ikkje ha rundt halsen.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42

Meldinga lagt fram i desember 2005

Konsesjonssøknaden frå desember 2006

Konsekvensutredninga frå desember 2006

Industrikraft Møre AS – Fastsetting av utredningsprogram

Søknad om utslippstillatelse frå Industrikraft Møre

Vedlegg til søknad om utslippstillatelse frå Industrikraft Møre

Søknad om utslippstillatelse frå Industrikraft Møre – tillegg

Søknad om utslippstillatelse frå Industrikraft Møre – konsekvensutredning