Naturvernforbundet med kritiske merknader om utbygging av Gaudalselva
Naturvernforbundet har gitt uttale til planane om utbygging av Gaudalselva i Sunndal.
Skal Sunndal kommune ha fleire frittrennande elver enn dei som finst i verna område og moglegvis eit par utvalde postkortvassdrag? Viss kommunen har tenkt å ha ei meining om det, så må dei skunde seg å få dette vurdert no, elles er det andre som har bestemt. Både av omsyn til biologisk mangfald, landskapsestetikk og ei rad andre grunner er det nødvendig å få gjort ei slik vurdering, meiner Naturvernforbundet.
Så lenge ein delplan for vassdrag manglar i Sunndal, meiner Naturvernforbundet at denne søknaden må leggast på vent eller avslåast.
For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen