Verma: Naturvernforbundet kommenterer innstillinga frå NVE

Naturvernforbundet er ikkje samd i dei vurderingane Rauma Energi AS har kome med om massebalanse. Naturvernforbundet meiner difor dette bør korrigerast i innstillinga frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til Olje- og energidepartementet (OED).

Bakgrunnen for at Naturvernforbundet tek opp saka er at det ved synfaringa kom fram at det framleis er lagt til grunn at Naturvernforbundet sitt alternative forslag vil gi eit masseoverskot på 150 000 m3. Vi kan ikkje forstå anna enn at dette må skuldast ei mistyding.