Småkraft: Naturvernforbundet utfordrar kommunane igjen

NVE avslår berre 2 – 3 % av alle søknader om mini- og mikrokraftverk. I fleire kommunar finst knapt vassdrag i aktuell storleik som det ikkje er planar om utbygging i. Naturvernforbundet utfordrar difor kommunane i fylket på nytt.

Naturvernforbundet meiner kommunen no må gjere to viktige tiltak: – Medlemmene av formannskapet plukkar ut to vassdrag kvar som dei tykkjer er viktige å spare urørte. Desse vassdraga blir sett på ei liste, og søknader i desse vassdraga skal avslåast inntil det er gjort eit meir fagleg fundert arbeid på sortering av vassdraga.

– Gjer som Rauma, få i gang registreringsarbeid på fagleg grunnlag slik at kommunen får den reiskapen som trengst for å finne fram til dei mest verdifulle vassdraga i kommunen. Det vil vere synd om kommunen overlet dette til utbyggingsinteressene, og står att med ein kjedeleg kloakkbekk som det einaste som er att ”urørt”.

Naturvernforbundet ønskjer elles å stå som part i alle vasskraftutbyggingssaker i fylket.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les brevet frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til kommunane i Møre og Romsdal

Fråsegn frå Naturvernforbundet Hordaland til fylkesdelplanen for småkraft