Olje her og der

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det står å lese i E24 at «De møter en øygruppe med endeløse strender, mye urørt natur, ren luft og rent vann. Om noen år kan synet som møter turistene skjemmes av borerigger og industriell aktivitet knyttet til oljeutvinning.»

Så er det kanskje nokre fleire som vil slåss for å halde oljeriggane unna Lofoten og Vesterålen? Men det er det faktisk ikkje denne gongen. Saka dreier seg om norsk reiseliv som er redd for konsekvensane av eit spansk vedtak om oljeboring utanfor Kanariøyane. «Det vi er bekymret for er at oljevirksomheten kan ødelegge Kanariøyene som turistmål», seier Rolf Forsdahl, direktør i Virke Reiseliv utland, til E24.

Korleis går det an å sitje stille og sjå på at norske politikarar planlegg same type herjingar i Noreg sitt svar på Kanariøyane? Har nokon verkeleg samvit til å pumpe opp olje utanfor Lofoten og Vesterålen for å kunne bade i pengar slik at dei kan ta fly med solide CO2-utslepp til Kanariøyane, og så meine  at dei skal la vere å bore i strandkanten ved Kanariøyane? Det er jo rett og slett frekt.

No er det sanneleg på tide at nokre ser litt framom eigen nasetipp.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal