Naturvernforbundet spør om kommunale klimaplanar
Kommunane spelar ei viktig rolle i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa. Difor ønskjer Naturvernforbundet at kommunane lagar klimaplanar. No utfordrar Naturvernforbundet alle ordførarane i Møre og Romsdal på å lage slike.
Det er no brei semje om at vi har gått frå å prate om vêret til faktisk å gjøre noko med det. Klimagassutsleppa frå menneskeleg aktivitet gir farlige og raske klimaendringar. Dei menneskeskapte klimaendringane trugar natur og folkehelse.
Alle klimagassutslepp er lokale, dei skjer ein stad. Kommunane i Noreg har stor innverknad på klimagassutsleppa gjennom si rolle som lokalsamfunnsutviklarar, planstyresmakt, næringsutviklarar, innkjøparar, eigedomsutviklarar, skule- og barnehageeigarar og lokaldemokrati.
Enova har difor lova 100 000 kr til alle kommunar som vil lage energi- og klimaplanar. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ikkje full oversikt over kva kommunane i fylket gjør på dette feltet, difor spør vi no ordførarane i fylket:
1 Vil din kommune lage energi- og klimaplan? Om nei, kvifor ikkje?
2 Naturvernforbundet vil gjerne kome med innspel til dei kommunale energi- og klimaplanane. Vi trur vi kan vere viktige støttespelarar for kommunane i fylket i ein slik prosess, og at vi har forslag som det vil vere mogleg å følge opp. Vil de invitere Naturvernforbundet med i prosessen med å lage energi- og klimaplan?
3 Har de søkt Enova om støtte, og har de fått svar?
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar