Naturvernforbundet: Utbygger bør trekke søknad om utbygging av Erga!
Naturvernforbundet ber dei som søkjer om å byggje ut Erga i Sunndal om å avslutte arbeidet og trekke søknaden. – Dette er eit av dei viktigaste vassdraga vi har att, seier fylkesleiar Øystein Folden. Når det gjeld søknadene om utbygging av Ljøsåa og Usma har Naturvernforbundet også mange kritiske kommentarar.
Naturvernforbundet i Sunndal og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kjem med ein felles uttale i samband med at tre foreslåtte vassdragsutbyggingar no er på høyring samtidig i Sunndal:
1. Ljøsåa kraftverk
2. Usma kraftverk
3. Småvoll kraftverk i Erga
Naturvernforbundet er kritiske til å byggje ut meir i Øksendalen, i denne delen av kommunen er det vel berre to elvar av nokon storleik igjen der det ikkje er søkt om utbygging. I Jordalsgrenda er det meste bygd ut.
Dessuten er Naturvernforbundet uroa over at store område med hittil urørt natur vil gå tapt som følge av utbyggingane. – Det er like stor mangel på urørt natur som det er mangel på kraft i fylket, seier Øystein Folden.
Naturvernforbundet ber også Sunndal kommune gjøre ein gjennomgang av dei vassdraga som er att i kommunen, og viser i denne samanhengen til den «sorteringa» Rauma har gjennomført det siste året.
For meir informasjon:
Kontakt Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på telefon 91 81 25 42
Kontakt Jan Fredrik Laskerud i Naturvernforbundet i Sunndal på telefon 97 10 85 01.
Høringsuttale fra Kristiansund og Nordmøre Turistforening
Melding om vedtak i Sunndal kommune – Småvoll kraftverk
Saksframlegg Sunndal kommune – Småvoll kraftverk
Melding om vedtak i Sunndal kommune – Ljøsåa kraftverk
Saksframlegg Sunndal kommune – Ljøsåa
Melding om vedtak i Sunndal kommune – Usma
Saksframlegg Sunndal kommune – Usma
Brev fra Norzep til Sunndal kommune om utbygging av Erga
Brev fra Driva elveeigarlag til Sunndal kommune om utbygging av Erga