Bekymringsmelding – prosessen for høyring av 12 småkraftverk i Rauma og Nesset

Naturvernforbundet sår tvil om NVE sin vilje til reell vurdering av desse sakene.

Høyringsfristen er 20.3.2015, og saka er sendt på høyring 9.12.2014. Vi har fått eit forvarsel 16. juli, med: “Vi ser for oss at høringen vil bli i løpet av vinteren 2014/2015.”

Søknadsdokumenta har ikkje vore utlagt før no, og no ligg berre 5 av dei ute, og dei vi har spurd etter tidlegare er levert ut med atterhald om endringar heilt til nyleg.

Då får vi melde inn isroser, vinternellikar og kuldeorkidear, nye for vitskapen, frå synfaringane våre. Foto blir i svart, er ikkje dagslys lenge nok til at ein når frå kraftstasjon til dam med fotolys, og ein dessutan må grave fram godbitane i snø og is først.

Dette går ikkje an.