Kommunedelplan for naturmangfald – Surnadal
Surnadal kommune har sett i gang arbeid med kommunedelplan for naturmangfald. Det har Naturvernforbundet kome med innspel til.
Når NVE, Vegvesenet eller kulturminnemynde seier noko, så må kommunen innrette seg etter det. Viss det er spesiell natur inne i biletet, kan naturen vedtakast å bli borte, mot to røyster. Då er det krevjande å vere kommune for at dette skal bli vel og bra for alle. Viss det er bruk for ein sjukepleiar til eit arbeid, blir det ikkje det same om kommunen sin røyrleggar møter i staden. Naturvernforbundet ber om at både tilsette og politikarar får høve til å skaffe seg meir kunnskap om natur.
Ein bør i planen få oversyn over område i kommunen som er godt kartlagde, og område som treng meir kartlegging. Ein bør auke arbeidet når det gjeld framandartar som spreier seg. T.d. bør kommunen krevje av sine leverandørar at dei har gode rutinar med dette, slik at ikkje framandartane spreier seg med maskinar og t.d. grus.
Surnadal kommune får også ei spesiell oppmoding om å stimulere dei som driv med skjøtsel av slåttemyr, for på det området har nok Surnadal gode føresetnader til å ta vare på ein sterkt truga naturtype.