Jerven har også bruk for genetisk mangfald

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

For nokre veker sida gav Miljøverndepartementet løyve til å avlive fleire jerv i Midt-Noreg. Det er fleire sider ved denne saka, men Naturvernforbundet vil her spesielt peike på det behovet som finst for å få utveksla genar mellom nordleg og sørleg jervestamme. I praksis tyder dette at det er nødvendig at det er ein del jerv i området frå Sør-Trøndelag og sørover til Reinheimen. I dette området førte lisensjakta til felling av kvota, og her er det etterpå gjeve løyve til felling av ytterlegare dyr. Det dokumenterte jervetalet ligg heilt på det vedtatte lågmålet, og kan hende under i vårt område.   Det er etter press frå bøndene sine organisasjonar at løyvet er gjeve. Det er forståeleg at bønder blir plaga med at sau blir jervemat i nokon grad. På den andre sida ventar vi også at bønder er mellom dei som forstår mest av dette med dyreavl. Gjennom årevis har nettopp denne yrkesgruppa avla målretta. Dei ser kva som skal til for at utval av dyr får verknad på resultat, og veit meir enn dei fleste om kva konsekvensane av innavl kan bli. Difor er det full oversikt over opphavet til husdyra våre gjennom mange generasjonar, og utvalet av hanndyr er ikkje tilfeldig.   Ville dyr har ikkje mindre krav til mangfald som grunnlag for avl for at dei skal halde fram med å vere robuste.    Den jervejakta som no går føre seg er difor alvorleg av fleire grunnar: – avliving av jerv i våre område går utover jerven i heile Sør-Noreg. – felling av jerv under ordinær jakt siste året har vore kraftigare i vårt område enn mange andre stader. – bruk av helikopter til jervefelling er ei uverdig jaktform storsamfunnet bør halde seg for god til å bruke.      – hiuttak av jerv er uetisk avliving.   Naturvernforbundet vil utfordre særleg bøndene sine organisasjonar til å sjå nærare på dei genetiske grunnane som finst for ein jervestamme av ein viss storleik også i våre område. Så får vi håpe at jerven er klok nok til å halde seg unna så verken helikopterjakt eller hiuttak påverkar det genestiske mangfaldet i øydeleggande grad.   Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal