Tid for revisjon av konsesjonsvilkår
Konsesjonen for Gryttenvassdraget er frå 1970. Det er tid for å sjå på denne konsesjonen på nytt.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2022/02/Mardalsfossen20-20lite20vatn.jpg2028articlelist29.jpg)
Er det mogleg å auke vassføringa utover det turistane får i dag? Kan ein stoppe tilbakegongen for naturtypar som er avhengige av fosserøyken? Kan ein redusere ulempa av reguleringane i fjellet? Kan ein dempe ulempa som følgje av at vatnet blir skrudd litt «av og på». Kan ein unngå stranding av fisk?
Fylkesstyret i Naturvernforbundet har bede Forum for natur og friluftsliv å arbeide for ein revisjon av vilkåra, slik at ein kan sjå reguleringa i meir moderne lys, med tanke på å redusere ulempa av reguleringa som har vore der i 50 år. Dette som ein reaksjon på at Molde kommune og Eikesdal bygdelag har tatt opp saka.