Årsmøte i Tingvoll 2022

Naturvernforbundet i Tingvoll har årsmøte. Det er uvisst no om årsmøtet blir med fysisk oppmøte eller digitalt. Nærare informasjon kjem på denne sida. Sakspapir blir lagt ut her så snart dei er klare.

Årsmøtet blir onsdag 16. februar kl. 20.00.

Lokale: Kjellarstova, Tingvollvågen bedehus (Rimstadkrysset).

Vi planlegg møtet med fysisk oppmøte, men ber om påmelding innan 14. februar i fall det må endrast til digital gjennomføring. Påmelding til Øystein Folden, 918 12 542 eller foldengp@start.no.

Saksliste:

– Val av ordstyrar.

– Styret si årsmelding.

– Revidert rekneskap.

– Saker frå styret.

– Saker som er framlagt av medlemmene innan 9.2.

– Budsjett og arbeidsprogram.

– Val av leiar og styremedlemmer*.

– Val av utsendingar til fylkeslaget sitt årsmøte.

– Val av kandidat til fylkesstyret

– Val av delegat til landsmøtet

– Val av valkomité og revisor.

 

* Ingen blir vald utan først å ha blitt spurd og sagt ja. Viss du gjerne vil bli spurd, så sei gjerne frå om det. Marit Linberg og Trond Eri er valkomite.