Når kommunane møtast

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kommunane stikk hovuda saman for tida. Det meste blir diskutert. Men korleis går det med energi og klima?

Naturvernforbundet ber kommunane bruke ti minutt på dette temaet kvar gong de møtast. Ein kommune kan seie kva punkt i klimaplana dei har fått gjort noko med sidan sist, som tips til dei andre kommunane som jobbar  med dette. For å motverke at klimaplana støver ned i ei skuffe. Som motstykke til nye tiltak som går i den andre retninga.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal