Naturvernforbundet inviterer til arrangement på Villblomstens dag

Søndag 19. juni er Villblomstens dag. Tradisjonen tru arrangerer Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet til eit arrangement i Tingvoll.

Tema i år blir ein blanding av strandvegetasjon og edellauvskog. Vi kjem til å gå mest langs småvegar og stiar, men det blir også litt terreng. Er det opphaldsver, blir det ein stopp for å ete niste, så ta med noko å ete og drikke. Ta gjerne med ein blyant, så kan du krysse av i eit lite hefte som du får utdelt. Arrangementet er gratis og passer for små og store.

Turen er rekna å vare i kring 3 timar. Turleiar blir Øystein Folden.

Arrangør:
Norsk Botanisk Forening i samarbeid med Naturvernforbundet i Tingvoll.