Avliving av freda dyr

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Saka kring avlivinga av kvalrossen i Kristiansund er ikkje heilt over. Naturvernforbundet ønskjer med dette å sette denne avlivinga i samanheng med forvaltninga av freda dyr elles.

I norsk viltforvaltning er det grunnleggande prinsippet at dyreartar er freda om ikkje anna følgjer av lov. Det gjeld ekorn, grevling, bjørn, kvalross og alle dei andre. For ein del artar følgjer det så av lova at dei kan jaktast på innafor visse tider. Og for ein del artar er det ytterlegare stramma inn, med lisenskrav og kvoter.

Det finst to viktige unnatak. Det eine gjeld naudverje. Kort sagt vil det seie at vilt kan drepast viss det er nødvendig for å unngå ein «aktuell og betydelig fare for skade på person». Dette er utvida til også å gjelde angrep på mellom anna ein del husdyr. Når i alle fall raudlista dyr blir drepne i ein slik situasjon, vil det av rutine bli følgd opp med politietterforsking for å klarlegge om situasjonen var innafor det loven seier. Dei gangane påtalemynde ikkje finn vilkåra oppfylt, vil den som drap viltet måtte møte for retten, og dei som blir kjent skuldige blir straffa.

Det andre unnataket er heimelen Mattilsynet har til avliving. Då er det i lova vilkår for avlivinga: «Dersom det er åpenbart at dyret ikke kan leve eller bli friskt». Når det er raudlista dyr som blir avliva, bør det vere like openbert som for naudverje at saka blir etterforska, for å finne ut om det som er gjort er i samsvar med det som står i lova. Same heimelen har Mattilsynet viss avliving er nødvendig for å hindre spreiing av farleg sjukdom.

Ein skal tru godt om folk, anten det gjeld ein jegar, ein bonde eller ein tilsett i Mattilsynet. Men vi veit at det blir gjort feil, med og utan vilje, når det gjeld naudverje. Kan hende er det slik med Mattilsynet også. Difor er det viktig at politiet av eige tiltak gjer etterforsking i slike saker og får klarlagt det som har skjedd. Og det er viktig at det blir reaksjonar når det er gjort feil. Har ein gjort urett, er strafferamma den same anten det gjeld naudverje eller dyrevelferd.

Desse to heimlane representerer ein svært omfattande rett. Skulle det dukke opp ein levande dinosaur, så vil altså ein sauebonde eller ein veterinær kunne vere i ei slik stilling at dei kan utrydde det siste eksemplaret av arten. Når dei har ein slik rett, har dei også eit veldig stort ansvar, og det er både naturleg og nødvendig at omstenda rundt noko slikt blir klarlagt. Viser det seg at dei som har slike rettar ikkje forvaltar dette på ein klok måte, må styresmaktene gjere noko med heimelen eller praksisen.

Naturvernforbundet har undra seg ein del over Mattilsynet sine vurderingar i den seinare tida. Vurderinga kring kvalrossavlivinga ser alt anna enn bra ut, og tilliten til Mattilsynet blei med det endå dårlegare. 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal