Gjemnes bør fjerne platanlønn
Brev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Gjemnes kommune.
Ved eit besøk i friluftsområdet på Ikornneset i Gjemnes har Naturvernforbundet observert fleire svartlisteartar som spreier seg etter hogst av gran. Dette gjeld særleg platanlønn.
Naturvernforbundet ber kommunen om å fjerne platanlønna før denne får høve til å spreie seg ytterlegare.