Jerv i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Jervejakta er unnagjort, og spørsmåla melder seg om ekstraordinære uttak. Er det jerv igjen i våre område?

Det er ikkje kvota som seier alt om kor mykje jerv det er i området. Når skrottane ligg på rekke og rad med kulehol, veit vi i grunnen berre ein ting: Så mange jervar har det vore i området. Om alle er skotne eller om det er fleire igjen, veit vi ikkje. Vil ein utrydde jerven, så kan ein jo halde fram med fellinga. Når målet er å forvalte ein jervestamme på eit visst nivå, må ein ha ein kunnskap om dei dyra som kan vere igjen.

I vinter er det felt to jerv i Møre og Romsdal, båe utanfor yngleområdet, og i Sør-Trøndelag fem, av desse tre i yngleområdet. I tillegg eit sjukt dyr.

Når det gjeld ynglingar så er det berre i 2009 og 2010 at Sør-Trøndelag hadde ei yngling meir enn målet dei siste ni åra, elles har ein vore på målet eller under. I Møre og Romsdal har ein vore over målet nokre år så lenge Trollheimen var ein del av yngleområdet. I 2012 nådde ein ikkje målet, og målet ville ikkje ha vore nådd i 2011 utan Trollheimen.

Jervetalet har dei siste åra vore aukande på landsbasis, men det gjeld ikkje den sørvestnorske jervestammen som er nesten halvert i løpet av fem år. Sidan den sørvestnorske stammen har avvikande utvikling, er truleg jaktuttaket hovudårsaka. Fellingstala dei siste 2-3 åra har vore høge.

Føresetnaden for å nå tre ynglingar i Møre og Romsdal i 2013 er truleg ikkje særleg gode. Dei jervane som held til i yngleområdet bruker også område utanfor dette området, og der blir dei offer for jakt. Å tøme Trollheimen for jerv og samtidig nå ynglemålet i Møre og Romsdal er truleg vanskeleg.

I Sør-Trøndelag er fire av fellingane dette året i Forollhognaområdet. I tillegg blir det jakta hardt på Hedmarksida av fylkesgrensa i dette området. Utan ein del jerv i Forollhognaområdet, kan det bli vanskeleg å nå ynglemålet også i Sør-Trøndelag.

Det høyrer elles med at det er felt ein del jerv i Nord-Trøndelag denne vinteren. Heile ti jerv er ti ganger så mange som året før. Det er gjerne greitt av fleire grunner at Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fyller opp ynglemåla sjølve, for det er ikkje sikkert det varer ved at Nord-Trøndelag klarer meir enn sine fire.

Skal det vere høve til å felle jerv som gjer ekstra mykje skade i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag til sommaren, har ein alt skote meir enn nok av stammen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal