Rekorddeltaking på internasjonal konferanse
Over 90 deltakarar var 15. og 16. november samla på konferansen Bondelaget, Naturvernforbundet og Nei til EU arrangerte i Molde. I tillegg til tillitsvalde i desse organisasjonane, var mange lokalpolitikarar som nytta høvet til å få ei oppdatering på internasjonale spørsmål.
Leiar i Næringskomiteen på Stortinget, Ola Borten Moe frå Senterpartiet, hadde ei innleiing om framtida for landbruket i Noreg.
Av Morten Harper, utgreiingsleiar i Nei til EU, fekk deltakarane ei orientering om dei konsekvensane EØS-avtalen har for kommunane sine høve til å gjøre lokale prioriteringar.
Christian Anton Smedshaug frå Norges Bondelag gjorde greie for utviklinga i dei globale matvareprisane, og skisserte nokre moglege utviklingstrekk framover, sett i lys både av politiske avgjerder og klimaendringar.
Bjørn Jacobsen, stortingsrepresentant for SV, hadde ei tryggingspolitisk orientering, men måtte også svare på mange spørsmål om miljø- og landbrukspolitikken til Regjeringa.
Arrangørorganisasjonane hadde også orienteringar, Naturvernforbundet oppmoda deltakarane om å arbeide for å få fleire Fairtrade-kommunar i Møre og Romsdal, og orienterte under tittelen «Frå Kyoto til København» om klimaforhandlingane som skal starte på Bali i desember i år.
Øystein Folden kan kontaktast for meir informasjon. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Foredraget til Ola Borten Moe om framtida til landbruket
Foredraget til Christian Anton Smedshaug om landbrukstrendar
Foredraget til Øystein Solevåg i Naturvernforbundet om Fairtrade-kommunar
Foredraget til Arne Magnus Aasen og Gunnar Wentzel om landbruk i Sveits og Irland
Klimaforedraget til Øystein Folden i Naturvernforbundet: Frå Kyoto til København
Kriterier for Fairtrade-kommunar
Foredraget til Morten Harper om EU sin innverknad på kommunane sitt handlingsrom
Søknaden frå Volda kommune om å bli Fairtrade-kommune
Nokre av innleiarane på konferansen i Molde 16. og 17. november 2007. Frå venstre: Bjørn Jacobsen, stortingsrepresentant for SV Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Morten Harper, utredningsleder i Nei til EU Jack Wilkinson, President i IFAP – International Federation of Agricultural Producers (Internasjonalt Forbund for Landbruksprodusenter) Arne Magnus Aasen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag Christian Anton Smedshaug, rådgivar i Norges Bondelag
Rekorddeltaking på internasjonal konferanse i MoldeFoto: Gunnar Wentzel
Rekorddeltaking på internasjonal konferanse i MoldeFoto: Gunnar Wentzel