Naturvernforbundet klagar på gass-annonse

I Notabene, avisa til Møre og Romsdal Høgre, for september 2007 var det ei annonse frå Naturgass Møre. Annonsa innehalder etter Naturvernforbundet si meining misvisande opplysningar om miljø og gass. Naturvernforbundet har difor klaga annonsa frå Naturgass Møre inn for Forbrukerombodet.

Annonsa hevdar at «naturgass» (eller fossilgass, som Naturvernforbundet meiner er eit betre namn) er rein energi, og ordet «miljøvennlig» blir også nytta i annonsa.

Markedsføringsloven har reglar om villeiande reklame. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner det ikkje er dekning for å seie at naturgass er rein energi. Ved brenning av naturgass som det her er tale om i stor grad vil det bli utslepp av CO2. Å tale om miljøgevinstar med gass må difor setjast inn i ein samanheng viss det skal bli rett.

Forbrukerombodet har tidlegare felt Statoil i ei liknande sak.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringer

Les klagen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Forbrukerombodet

Forbrukerombudet inviterer til møte for å diskutere miljøpåstander om naturgass

Forbrukerombudets vurderinger

Annonse frå Statkraft

Møtet er utsatt til januar 2008

Denne annonsa har Naturvernforbundet i Møre og Romsdal klaga inn til Forbrukerombodet for villeiande marknadsføring.