Opent brev til talsmann for Villagruppa: Per Gunnar Kvenseth

Opent brev frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Gjennom ei årrekkje peiker observasjonar frå vassdraga våre på heilt andre luskonsentrasjoner enn kva Mattilsynet sine anleggsundersøkingar hjå Villagruppa og andre selskap i regionen viser. Det er eit stort sprik mellom offisielt talmateriale og kva me framleis ser i praksis. Villagruppa har marknadsført ein økologisk profil. Den profilen må følgjast heilt ut på ein djupøkologisk måte. Debiosertifiseringa av produksjonsledda er ikkje nok. Sertifiseringa synleggjer ikkje sanninga bak drifta over lang tid. Me kjøper ikkje økoargumenta like enkelt som folk i Singapore eller Hong Kong. Desse kundane kan kun halde seg til offentlege standardar promotert av oppdrettsnæringa og Statens Eksportråd. Her lokalt kan ein bygge på eiga erfaring og sjå utviklinga knytta til fjordar og elver over tid.

Naturvernlaget stiller heile vegen dei spørsmåla få andre gjer offentleg i Vestnes.

Kvar gong organisasjonen lokalt konfronterer Villagruppa ved deg som konsernets talsmann Per Gunnar Kvenseth, snakkar du det vekk via innlegg kor du viser til bygdeutvikling på Daugstad og friluftsliv på Helsetnakken. Nokre av oss har ei fagleg tilnærming til naturforvaltning, biologi, og villaks – vassdragsforvaltning. Me ser difor klare konsekvensar over tid som fleirtalet av avislesarane ikkje veit så mykje om. Som kunnskapsrik biolog har du nok eit miljøetisk forklaringsproblem i høve til kva du livnærer deg av. Det er skuffande at du ikkje beskyttar naturen framfor kapitalen, men velger å tene det som reduserer innhaldet og mangfaldet i vår unike natur. Skriv for all del meir om friluftsliv på Helsetnakken og aking i bakkane, men svar skikkeleg på kritikken denne gongen. I Vestnes skuldast ikkje tomme laksevassdrag: vasskraftutbygging, parasitten gyrodactulus salaris, grusuttak, utstrakt ulovleg fiske i gytetida, eller sur nedbør. Raumavassdraga er rett nok berørt av vassdragsutbyggingar fleire stader og gyrosmitte. Høge havtemperaturar og manglande næringstilgang i havområda for villaksen er uheldig. Lokal forureining frå industri og jordbruk spelar og i ei viss grad inn som negative faktorar. Store påslag av lakselus slik at ungfisken (postsmolt) døyr før næringsvandringa, og genetisk endring i villfiskfiskbestandane pga rømming, er dykkar oppdrettarane sitt einsame ansvar.

Naturvernforbundet veit godt at fleire andre oppdrettselskap enn Villagruppa har eit medansvar i Vestnes og Rauma over tid, men Villa har disponert m.a. den sårbare Tresfjorden lengst til si drift. I ei årrekkje dreiv selskapet intensiv drift i ein utsett terskelfjord. At konsesjonar no er omsett til andre aktørar og lakseproduksjonen flytta til Finnmark gjer ingen forskjell. Ansvaret for ei bærekraftig drift tok ikkje Villa i Vestnes eller på Midsund når konsernet ekspanderte kraftig. Eigarane av eit hurtig veksande selskap mangla heilt tydeleg i si tid naturfagleg fagkunnskap og miljøkunnskap generelt, om årsak – verknad av storskala oppdrett. Fjordane sitt marine økosystem, sjøfiskbestander, og villaks- sjøaure knytta til Sesselva, Skorgeelva, Tressa, Viåna, Gjelstenelva, og Fiksdalselva er prega av oppdrettsverksemda si bakside. Drifta vert negativ for 13 hardt pressa vassdrag i Rauma kommune og. Naturvernforbundet vart tidlegare invitert til å besøke Villagruppa. Det valte me vekk når konsernet fekk etterforska rømming via DNA – sporing frå Økokrim si side på Furneset, samt NRK – oppslag om dumping av daud laks i Midsund. Beste måten å skaffe seg eit ekte miljøomdømme på er å ta eit fullstendig ansvar for å sikre minimale skadeverknader på naturen. Villa kan til dømes verte det første selskapet som vågar å ta i bruk lukka teknologi?

Me er ei lang rekke personar i bygdelaga i Vestnes og Rauma som har ein nedarva brukskultur og ein kulturhistorisk lokalkunnskap om fjordar og vassdraga. Ein kunnskap som strekk seg over 30 – 60 år med erfaringar. Slik sett kjenner me som er naturbrukarar mangfaldet og prosessane i naturen her betre over tid enn kva Villagruppa gjer. Naturvernforbundet sitt i store nettverk med internasjonalt press som mogleg verkemiddel mot miljøskadeleg oppdrettsdrift. Villakonsernet kan på ny få moglegheita til å ta eit ansvarleg krafttak for naturarva lokalt, men det er ei hastesak. Som ein ansvarleg miljøorganisasjon vurderer me å arbeide aktivt for boikott av dykk internasjonalt. Me truar ikkje. Dette er eit løfte dykk sjølve har invitert til over eit langt tidsrom. Tolmodet med næringa er slutt. Vår kjensle av å ha tapt noko særs verdifullt i notid og framtid omfattar ein livsstil og ein nedarva bruksrett. Dette er ei fellesarv som Villagruppa og andre selskap har redusert meiningsinnhaldet i gjennom lang tid.

Sett av betydelege midlar til eit lokalt oppretta miljøfond for fjordsystem og vassdraga for å plastre skadane dykk har påført miljøet . Inviter kollegaer i bransjen til å gjere det same. Få med Lerøy Hydrotech og Raumagruppa mfl. Då viser dykk eit økologisk ansvar. Då kan ein faktisk begynne å snakke om ei ekte økosertifisering av selskapet. Det er det minste eit robust økonomisk selskap som Villa bør ha ansvarskjensle for å gjere.

Det er lite miljøengasjerte politikarar som har bært dykk på ein ”gullstol” heile vegen. Naturkunnskapen blant det store fleirtalet av desse verkar diverre å vere på eit lavt nivå. Kunnskapslause politikarar og juridisk fastlenka embetsmenn er utvilsamt dei beste garantistane for at næringa kan øydelegge naturarva og drive ein openbart historielaus benektelsesstrategi i media i 2010??

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar Bernt Gjelsten

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen