Skogsvegplanar i Tingvoll – Naturvernforbundet med fråsegner

To skogsvegar i Tingvoll er under planlegging. Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt fråsegn til begge to.

Når det gjeld planane om Solåsvegen, etterlyser Naturvernforbundet i Tingvoll betre dokumentasjon om naturmangfold i området.

Planane om Fjørnestangvegen er betre utgreidd. Her ber Naturvernforbundet om at det blir sett følgjande vilkår for bygging:
1) Vegen skal stengast med bom ved hovudvegen.
2) Det skal opparbeidast areal så ein kan få sett frå seg 3 bilar ved avkøyrsla, i barmarksesongen.
3) I kantsonene skal det etablerast naturskog som kan blir fleirsjikta før neste hogst i området. Kantsona må ha noko ekstra breidde ytst på neset.