Revisjon av konsesjonen for Svorka kraftverk

Naturvernforbundet har sendt NVE nokre spørsmål i samband med revisjon av konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk og behov for fornying av dammar.

Naturvernforbundet har mellom anna stilt spørsmål om risikoen for spreiing av svartlisteartar i samband med damfornying.

Naturvernforbundet spør også om erstatningsbiotopar.

Naturvernforbundet er nøgd med svaret frå Statkraft, men strekar under at det for framtidige saker bør noterast at desse to momenta bør gå fram tydlegare i søknad/rapport om biologisk mangfaldrapport, så ein kan vite at spørsmåla er godt tatt i vare.

Elles meiner Naturvernforbundet nok at det skal stå noko om mellom anna svartelisteartar, sjølv om det også er med som ein paragraf i naturmangfaldlova. § 28 er berre delvis sett i kraft, for utanlandske treslag, så området er ikkje avklara utan at det blir tatt med i vilkår. Etterkontroll er nok eit punkt som det er fordelaktig at ein er konkret om i alle fall. Dette er eit tema som er ganske nytt, der ein bør få ein dokumentasjon av faktiske tilhøve knytt til dette med spreiing av svartelisteartar. Svartelisteartane kjem til å bli eit kjempeproblem, og vi treng å lære oss vesentlege ting om dette veldig fort om dette ikkje skal koste oss mykje pengar å rydde opp i framover.

Naturvernforbundet vil elles gjere merksam på at kjempespringfrø er ein art som er kraftig på rømmen i Surnadal. Vidare må ein nok ta høgde for platanlønn. Båe desse artane, i tillegg til hagelupin, kan ein nok få inn i grusmassar, sjølv om dei er knuste og reine i utgangspunktet.