Miljøvennleg straum?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Eit straumleveringsfirma blei med stor ståhei marknadsført som å vere miljøvennleg no nyleg. Saka er svært interessant, fordi han avslørar ein heil del bakom det vi kundar ser til vanleg.

Det kom mellom anna fram at norske kraftverk sel mesteparten av produksjonen sin til utlandet. Dei får meirpris sidan det dreier seg om straum basert på vasskraft og ikkje på fossil energi (kol, olje, gass).  Sidan vi bruker nesten like mykje straum som det blir produsert, så tyder det at norske straumleverandørar kjøper nesten like mykje fossilenergi eller kjernekraft i utlandet. For fysisk å levere norsk straum i utlandet i slike mengder og samtidig importere tilsvarande straummengde tilbake, må vi ha langt fleire kraftliner enn det som finst no. Følgjeleg er dette ei handelsverksemd som gjeld papir (opphavsprov på fint).  Kva dei faktisk betalar i nettleige for denne straumflyttinga kunne jo ha vore interessant å vite.  Ein nærare gjennomgang av dette må avsløre at det er aktørar i straumleverandørbransjen som lyg om litt av kvart, eller i det minste fortel dei halve sanningar.

Marknadsføringa for nokre dagar sidan hadde mellom anna ein presentasjon av det framifrå produktet sitt med Åmotan i bakgrunnen. Åmotan er for dei som aldri har vore der eit møte mellom fleire store elver frå fjella i Sunndal og Oppdal. Her dundrer vassmassane ned fossar og juv så ein verkeleg føler seg liten i lag med dette skaparverket. Den såkalla miljøvennlege straumen som blir marknadsført blir produsert ved at slike vassmassar blir førte i store tunnelar inne i fjellet, og det som blir igjen blir ein liten skugge av seg sjølv og blir skrudd av og på etter turistsesongen slik som Mardalsfossen. Åmotan er så stor og mektig og imponerande ei oppleving nettopp fordi naturvernarar var framsynte og bruka månader og år på eit engasjement for at dette vassdraget ikkje skulle byggast ut til kraftproduksjon. Vassdraget blei varig verna av Stortinget.

Det er mogleg at straumleverandørane flest driv verksemda si så kritikkverdig som reklamen frå den nye leverandøren seier. Det er mogleg at dette nye selskapet er meir ryddig på opphavet til produksjonen av straumen dei sel. Men fornybar produksjon er slett ikkje det same som at det er bra for miljøet. Dei seier dessutan at dei vil vere ein ”pådriver for økt etterspørsel og produksjon av ren fornybar energi”. I klartekst er dette å arbeide for at fleire fossar blir lagt i røyr (og truleg at mesteparten av straumen blir seld til utlandet som fornybar). Det nye selskapet prøver å lure oss forbrukarar såpass grundig at eg ikkje stolar på dei. Straumselskap som marknadsfører seg som ”norsk miljøenergiselskap” bør ein undersøke nærare før ein vil godta kva dei seier. I dette tilfellet er det så mykje grums at det er best å halde seg unna. Prøv heller tiltak for å redusere energiforbruket.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal