Syklistar sniker i bommen?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Debatten går om syklistar som passerer bommen på Averøy og blir plukka opp av bilar som køyrer Atlanterhavstunnelen. Dagleg leiar i Atlanterhavstunnelen, Arve Mjelva kallar det moralsk forkasteleg, avisa kallar det for sniking. 

Til for få år sidan var det mogleg å bu på Averøya og bruke sykkel til byen. Då trilla ein inn på ferja om ein hadde bruk for sykkelen på andre sida, eller ein kunne la han stå igjen på kaia om det ikkje var behov.

I dag kan ein framleis sykle på Averøy, men når ein kjem til holet under vatnet, då er det stopp. Kva gjer ein då? Står i vegkanten med haiketommel og håper at det kjem ein bil med tom tilhengar som vil ha med sykkel og passasjer? Og betalar i bommen for å få lov til å stå der og vente meir enn det som moro er utan å bli kalla snik?

Når samfunnet tvingar folk av sykkelsetet, då er det vel gjerne meir som er moralsk forkasteleg. Syklistane kunne kome seg mellom Averøy og Kristiansund svært ofte og på svært grei måte heilt til storsamfunnet fann ut at dei ville gjere det lettare å kommunisere mellom desse stadene. No må syklistane ta turen om Eide, Kanestraum – Halsa, Hennset – Arasvika, Tustna rundt og Tømmervåg – Seivika før ein kan kome seg til byen. Hadde det ikkje vore for at Freifjordtunnelen er like vanskeleg, så kunne ein ha gjort turen vesentleg kortare.

Det hadde vore storveges viss Atlanterhavstunnelen og t.d. dei som har ansvar for bussen fann ei god løysing for syklistane som vil sykle mellom Averøy og Kristiansund. Får syklistane eit brukande tilbod, så betalar dei nok gjerne ”ferjebilletten” for  å sleppe Nordmøre rundt, eller å stå i vegkanten med tommelen.

Det verste av alt er at storsamfunnet planlegger fleire slike hol og dertil dårlege ordningar for syklistane.  Dette i ei tid då det store storsamfunnet har bestemt at ein skal stimulere folk flest til å gå meir og bruke sykkel. Det er dessutan 40% av folket som ikkje har førarkort, og endå nokre fleire som ikkje har eigen bil.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal