Naturvernforbundet klagar på sein gjødselspreiing

Naturvernforbundet i Tingvoll har dei siste åra vore involvert i eit prosjekt for å redusere avrenninga frå landbruk til vassdrag i Tingvoll. No reagerer lokallaget på saksbehandlinga til Tingvoll kommune i fleire saker om løyve til gjødselsspreiing seinhaustes.

Naturvernforbundet i Tingvoll har etter å ha lest på Tingvollnet registrert at det finst i alle fall 12 søknader om utsett frist til spreiing av husdyrgjødsel. Vi har også funne vedtak på dei fleste av desse søknadene.Naturvernforbundet vil ikkje påstå at nokon av desse ikkje skulle ha fått dispensasjon, så difor klagar vi ikkje på nokon enkelt sak. Men sakshandsaminga lir av vesentlege manglar som er så alvorlege at vedtaka truleg er ugyldige. Det er heilt nødvendig at ein difor får ein gjennomgang, slik at sakshandsaminga i framtida vil ta omsyn til mellom anna naturverdiar og miljø.

Vi vil gå gjennom ein del moment som vi ber om at klagehandsaminga går nærare inn på
1. Naturmangfoldloven skal nyttast i denne typen saker, sidan vedtaka kan få verknad for miljøet. For paragrafane 8-12 skal det vere ein særskild gjennomgang og vurdering som går fram av kvart enkelt vedtak. Manglande gjennomgang gjer eit vedtak ugyldig.

2. I brev av 28.9.2011 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er det ein gjennomgang av problemstillingane. Det går fram av dette brevet at søkjar og landbruksmynde må finne fram til kva areal som det kan spreiast på, og om det finst alternativ, t.d. tomme gjødselkjellarar på nabobruk. Vidare står det i nemnte brev at kvar sak skal ha individuell handsaming. Momenta finst så langt vi kan sjå ikkje nemnt i ei einaste av sakene. Vedtaka ser også ut til å vere likelydande. Vedtaka bygger såleis ikkje på sakshandsaming som er grundig nok.

3. Det er nokre område i kommunen som drenerer til vassdrag med elvemusling. Det vil berre vere kort tid før kommunen får eit spesielt ansvar for desse vassdraga, sidan elvemuslingen venteleg vil bli ein prioritert art, jf. Naturmangfoldloven § 23. Ureining av desse vassdraga vil lett kunne få ein alvorleg konsekvens for elvemuslingen. Såleis er det meir enn problematisk at den lokale forskrifta ikkje har unntatt desse areala, og endå meir problematisk om det blir gitt ytterlegare dispensasjon. Spørsmålet er ikkje vurdert i dispensasjonsvedtaka.

4. Minst ein av søkjarane har liknande søknad i 2007 og 2009 og søkjer difor om dispensasjon for tredje gong på 5 år. Fleire av dei andre har ein søknad tidlegare og stiller med søknad nr. 2 i løpet av 3 eller 5 år. Det er eit misbruk av heimelen i §31 i forskrifta om spreiing av husdyrgjødsel når ein kan få dispensasjon annakvart år som følgje av veret. Det tyder på at ein løyser problemet med dispensasjon heller enn å løyse sjølve årsaka til dispensasjonsbehovet.

5. Sjansane for opptørk er størst når det er ein viss temperatur som fordampar fuktigheit og at det er planter som veks og bruker vatn. Ikkje noko av dette er til stades no. Einaste håp måtte vere fleire dagar med landvind. Vi har sannsynlegvis litt landvind til gode, men det er ikkje slik det virker. Det kan sjølvsagt slutte å regne, men jorda vil framleis vere temmeleg blaut, og det blir jordpakking i alle fall. Det er vel strengt tatt vesentleg mykje større sjanse for at einaste råda for å kome seg ut på jorda i haust vil vere i form av frost, og då er jo ikkje vilkåra lenger til stades for å spreie husdyrgjødsel. Viss det ikkje blir betre innan 15. oktober så har ikkje problemet blitt mindre, og då må ein kanskje finne ein plan B i alle fall?

6. Naturvernforbundet meiner det må vere rett at det knytt til ein dispensasjon nr 2. i løpet av kort tid må kunne setjast krav om utviding av gjødsellagerkapasiteten slik at husdyrgjødsla kan nyttast om våren og etter førsteslått. Då er det størst moglegheit for at nitrogen og fosfor kjem planteveksten til gode og ikkje blir til ureining.

7. Spreiing av husdyrgjødsel no er i praksis å kaste store mengde nitrogen og fosfor. Dette er ressursmessig gale, og det blir ekstra gale når dette høgst truleg kan få negative konsekvensar for vatn, vassdrag og fjord. Vi har alt Bergemsvatnet med store problem som det ikkje finst løysing på, og treng ikkje fleire vatn av same slaget.

Naturvernforbundet deltok i forsøksverksemd saman med jordbruksetatane i Gjemnes og Tingvoll etter eit av dei vanskelege nedbørsåra tidlegare, nettopp med sikte på å finne ut av problemstillingane og finne betre løysingar. Ein av konklusjonane der var at kvart enkelt bruk skulle gå gjennom gardskarta sine og så markere kva jordstykke ein kunne rekne med var mindre utsett for køyreskadar og avrenning slik at dei kunne nyttast til husdyrgjødselspreiing om hausten om det knep. Dette ville då vere ein del av miljøplanen på bruket, og det ville vere dokumentasjonen som det blir spurd etter som føresetnad for å handsame ein dispensasjonssøknad. Vi vil tru at fleire av søkarane no var med på denne prosessen, men vi ser ikkje at det er vist til slike dokument i nokon av søknadene.

Det er mykje som tyder på at landbruket i Tingvoll og gjerne generelt også må ha ein grundigare gjennomgang av lagerkapasiteten for husdyrgjødsel. Vi skjønar det kan vere katastrofalt for ein bonde når gjødsellageret er fullt før gjødsla kan spreiast. Men det er også katastrofalt når vassdrag får sine altfor store doser med næringsemna som følgje av at landbruket ikkje løyser problemet.