Kommentarar frå Naturvernforbundet til klage på utbyggingsvedtak for Kjøtåa i Nesset
Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Dovrefjell nasjonalparkstyre.
Dovrefjell nasjonalparkstyre har avslått ein søknad om småkraftverk i Kjøtåa i Eikesdalen. Småkraft AS har klaga på avgjerda.
Naturvernforbundet gir i brev til nasjonalparkstyret støtte til det vedtaket styret har fatta. Samstundes varslar Naturvernforbundet at ei omgjering av vedtaket i samband med klagen vil bli påklaga av Naturvernforbundet.