Spørsmål om lerk

Spørsmål frå Naturvernforbundet til Molde kommune.

Ved eit besøk i området nyleg fann eg ein del lerk, sjå vedlagde kart.

Det står fleire tital store tre i område merka gult, og det er ein god del som venteleg er frøspreidde i noko som ser ut som ei tidlegare hogstflate, skissert med raudt.

Veit Molde kommune noko om:

1. Art og proveniens på det som er planta ut av lerk i gult område?

2. Plantetidspunkt?

3. Tidspunkt då det blei hogd i område merka raudt?

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal