Stopp monsterlina – bruk energien i Midt-Noreg betre

Årsmøtet til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er sterkt imot planane om å byggje ei kraftline frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Det er to forslag til trasé for lina, Naturvernforbundet har døpt desse Pest og Kolera. Det kan ikkje lenger vere slik at kraftliner skal få ureine landskapet vårt utan konsekvensar. Dersom det skal byggjast ei line frå Sogn til Møre og Romsdal, skal ho i sjøen.

Naturvernforbundet er uroa over at dei ulike tiltaka for framtidig energiforsyning i Midt-Noreg ikkje blir sett i samanheng. Vi avviser at det er snakk om noko krise. ”Krise” er eit ord vi kan nytte om dei som døyr av farlege og urettferdige klimaendringar. Det at dårleg samfunnsplanlegging fører til at el-forsyninga i Midt-Noreg blir litt dyrare er ikkje noko krise.

Naturvernforbundet meiner det viktige grepet i energiforsyninga i regionen vår er å satse tungt på energisparing. Ved å byte ut panelomnar med varmepumper, ved og pellets, vil vi oppnå mykje. Kombinerer vi det med sparetiltak i offentlege bygg og næringsbygg og med sparetiltak i industrien vil mykje vere gjort, og miljøet bli betre.

Energisparetiltaka kunne allereie vore gjennomført, Naturvernforbundet har fleire gonger bede om at dette blir prioritert. I staden har styresmaktene og energiselskapa sløst med tid og penger for å få mest mogleg fokus på dei store utbyggingsplanane sine. Statnett lanserer monsterlina frå Sogn, andre vil ha store vindkraftanlegg på kysten vår eller gasskraft med CO2-handtering. Felles for desse prosjekta er at dei ikkje vil gi meir kraft til fylket før i 2012 eller 2013.

For å bøte på dette kjem det no forslag om å installere såkalla mobile gasskraftverk. Naturvernforbundet reagerer sterkt på at styresmaktene, som brukar eit år på å svare på brev frå Naturvernforbundet om energisparing, no brått vil hoppe over alle vanlege reglar om forureining, sjå vekk frå det internasjonale ansvaret vi har for klimaendringane og bruke fleire milliardar enn vi foreslo til energisparing, alt for å brenne fossilgass på mest mogleg forureinande måte.

Det har den siste tida vore fokus på skilnaden mellom miljøpolitikken til EU og norsk miljøpolitikk. Naturvernforbundet har allereie varsla at vi vil klage dei mobile gasskraftverka inn for overvåkingsorganet til EØS-avtala, ESA. Grunnen er at dei mobile gasskraftverka gir ulovleg høg forureining.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen