Mylling av Aursjøvegen – Naturvernforbundet er kritiske

Arbeidsutvalet til Dovrefjell Nasjonalparkstyre har til behandling ein søknad som m.a. inkluderer mylling av Aursjøvegen.

I ei fråsegn til Dovrefjellrådet gjer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal merksam på at det i ein del grustak finst store førekomstar av svartelistearter, som t.d. klistersvineblom. Det er omtrent umogleg å sikre seg mot at frø blir med grus ut. Så lenge grustakeigar ikkje har dokumentasjon for situasjonen i og rundt aktuelle grustak, bør ein legge til grunn at frø av artar som klistersvineblom kan bli med grusmasser ut. Det finst fleire andre artar også som kan vere aktuelle, t.d. hagelupin som det no gjeld nytt regelverk for. Der er det no forbod også mot utilsikta spreiing av framande artar, jf. forskrift om fremmede organismer § 24.

Arbeidsutvalet avslo søknaden.