Bli med på vandring langs Langedalselva på Hellesylt!
Naturvernforbundet i Ørsta og Volda arbeider mellom anna for å ta vare på viktige naturverdiar i området vårt. Nye rapportar fortel at menneskelege inngrep er ei av dei viktigaste årsakene til mellom anna insektdød og tap av anna artsmangfald. Vassdragsvern er eitt viktig tema, der målet er å verne dei mest verdfulle elvane og vassdraga…
For å synleggjere nokre av verdiane i dette vassdraget, inviterer lokallaget, i samarbeid med student på naturgaidstudiet ved Høgskulen i Volda, Helge Kvam Karbø, naturglade medlemmer og andre interesserte til vandring langs elva komande måndag.
-I tillegg til natur- og landskapskvalitetar og biologisk mangfald, vil vi også fortelje om opplevingsverdien ved dette vassdraget, seier Kvam Karbø. Nokre stikkord er fossekall, oter, bekkekløft, fossesprøytsoner og elvejuv. Vandringa startar ved Karbø bru, der det skal vere greitt å parkere.
-Turen vil gå frå brua til Svartfjellet og attende, eventuelt kan ei gruppe gå heilt til Klipphølen dersom det er interesse for det, fortel Kvam Karbø. Han fortel at turen går gjennom litt utfordrande terreng, slik at målgruppa først og fremst er vaksne som er vande til å gå i ulendt terreng. Foreldre må vurdere om dei vil ta med born på eige ansvar. Dersom nokon vil kombinere turen med å fiske i elva før eller etter den organiserte turen, må ein løyse fiskekort.
Folk vert oppmoda om å ta med niste og kopp; Naturvernforbundet stiller med drikke undervegs. Dersom det er interesse for det, kan lokallaget også organisere minibuss-transport frå Ørsta/Volda (sjå kontaktinformasjon i annonse eller på Fjesboka).
helsing
aktivitetsgruppa i lokallaget Ørsta og Volda v/ Ingrid Opedal
Karbø bru over Langedalselva (peikar i norgeskart.no)
Om tredje runde av kraftutbygginga i Langedalselva (som vi og elva vart spart for)