Klimaplan for Møre og Romsdal – medverknad frå miljøvernorganisasjonane

Naturvernforbundet er nøgd med at fylket ønskjer å lage ein klimaplan. Vi er opptatt av å få ein prosess som gjør at planen blir så bra som mogleg. Arbeidet med reduksjon av klimagassutslepp må lukkast. Naturvernforbundet ber difor om at miljøvernorganisasjonane i fylket blir involvert i arbeidet.

Naturvernforbundet har von om at utarbeidinga av ein klimaplan kan vere eit høve for Møre og Romsdal fylke til å styrke dei frivillige miljøvernorganisasjonane i fylket. Desse organisasjonane er i stor grad baserte på frivillig innsats, men samstundes har dei mykje kompetanse og mange gode idear til korleis klimaarbeidet i fylket kan gjennomførast.

Slik vi ser det, er utfordringa å omsette planen til eit verktøy som faktisk blir kjent og bruka. Denne utfordringa meiner vi miljøvernorganisasjonane har ei viktig rolle i å vere med på å løyse.

Naturvernforbundet vil oppmoder difor fylket om å nytte miljøvernorganisasjonane i det arbeidet som no skal i gang. Etter vår meining finst aktuell kompetanse i dei frivillige miljøvernorganisasjonane. Vi har eit godt lokalt nettverk og omfattande røynsle frå arbeidet med å formidle dei utfordringane klimautfordringane gir oss, både i forhold til politikarar, næringsliv og folk elles.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les brevet til Møre og Romsdal fylke