Naturvernforbundet i dialog med rovviltnemnda

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal hadde innlegg i rovviltnemnda for Midt-Noreg i mars 2011.

Eigentleg kunne eg tenkt meg å vere ein heilt annan stad i dag. Der eg helst skulle ha vore er til fjells ein stad eg har høyrt rykte om at det skal vere jerv. Det dyret kunne eg gjerne tenkt meg å ha sett, eller i det minste å ha sett far av det. Eg går mykje ute i skogen og ein del i fjellet, men til no er det berre bjørnen eg har hatt litt kontakt med ved eit par høve. Ved den første kontakten var eg 4 år og bjørnen var nyskoten. Det var rart. Liten gut og stor bjørn. Som daud var han interessant berre ei kort stund. Så mykje meir er det ikkje å seie om det møtet.

Ved det andre høvet var det berre spor av at bjørnen hadde rykka opp ei furu og kasta han bortetter. Det var langs stien eg brukte mellom heimen og leikekameratane i staden for å gå etter vegen med farleg trafikk. Den vurderinga var den aktuelle også etter hendinga. Ved den første hendinga var bjørnen alt skoten, så det er ikkje farleg for bjørnen at eg fortel om det. I det andre høvet har det gått såpass tid at det ikkje har noko å seie for bjørnen lenger.

For om eg ser noko til desse store rovdyra våre kjem eg ikkje til å fortelje noko om kvar eg ser dei. Rovdyrforvaltninga er bygd på knappe minimumstankar om kor mange dyr som er nødvendig. Administrasjonen held seg oftast til kunnskap ein har på området. Når nemnda får gjort sitt blir ein del av biologien erstatta med politikk, og det resultatet vi får blir ein forvaltning av beitedyrhald vel så gjerne som ei rovviltforvaltning. Difor er eg her i dag. Eg vil vite kva som eigentleg foregår. Og eg vil vere talsmann for rovdyra. Dei andre dyra har eigarar som talar deira sak, så dei får kome fram med sitt.

Når det gjeld forvaltningsplanen har vi levert vår fråsegn til den. Noko av det vi har sagt vil eg seie noko om no, og eg vil også gå litt bakom det vi har sagt og rovviltnemnda seier i planen sin.

Gaupe og byrdefordelingsprinsippet
Eit tilbakevendane tema er strategi for fordeling av gaupekvota. Så langt Naturvernforbundet kan registrere er alle samde om at ein skal forsøke å redusere gaupeaktivitetane i reindriftsområda i nordre og austre delen av Nord-Trøndelag. Etter byrdefordelingsprinsippet er det ønskjeleg at Møre og Romsdal tar ein større belastning. Gaupe er utbreidd slik at det bør kunne gå an utan at ein får for stort strekk i førekomsten og med det problem med genflyt.

Målet om to ynglingar i Møre og Romsdal er ikkje oppnådd til no så langt ein veit. Skal ein få til denne forskyvinga er det på tide at ein set kvote på null i Møre og Romsdal. Då kan ein auke kvota i reinbeiteområdet med eit dyr, noko som dei sikkert vil setje pris på.

Forvaltningsplanen har dette prinsippet innarbeidd frå før, men det blir ikkje følgd. Tildeling av null i kvote er tydelegvis vanskeleg. Naturvernforbundet ber difor nemnda sjølv finne på ei formulering som nemnda sjølv tolkar på den måten vi her har sagt. Så lenge det ikkje er påvist to ynglingar i yngleområdet i Møre og Romsdal skal det ikkje tildelast kvote i Møre og Romsdal. Viss det er påvist 2 ynglingar i Møre og Romsdal er det først når det er sannsynleg at det kan bli fleire ynglingar at kvote kan kome på tale.

Rovdyrforvaltning slik at alle taper?
Vi er no i ein situasjon der alle kan tape alt:
– Sauenæringa har så dårlege kår at ho blir lagt ned
– Sauen held landskapet ope, men det krev nok beiting og tilleggsskjøtsel, som ofte ikkje skjer
– Rovdyrstammen blir for liten til å hindre innavl.

I landbruket er det vanleg at ein reknar i alle fall 500 dyr som eit minimum for at ein kan ha ei rase for framtida. Ofte vil ein ha målsetting om eit dyretal på 2000. For desse rasene har ein stamtavler og systematisk avl, og godsakene kjem med veterinærpost. Ute i naturen er dette siste ukjent, og dei må ta til takke med det som kjem rekande forbi. Ingen av dei store rovdyrartane har ein bestand så høg som 500. Skal dette gå godt i lengda må ein difor i det minste passe på at moglegheitene for genflyt ikkje blir ytterlegare forverra. Det hadde vore hyggeleg om nemnda la seg i selen for å få dette til, slik at rovviltforvaltninga blei så nokonlunde truverdig.

Ei viktig grunngjeving for at det skal vere sau i skog og fjell er for å halde landskapet ope. Det seier landbruket sjølv, og det er Naturvernforbundet samd i. Men då er det viktig at dette ikkje blir halvgjort. Forsøk tyder på at ein treng minimum 25 sau pr. km2 og år for å få dette til, og då er det og ein føresetnad at lauvoppslag som alt er kome blir rydda vekk. Det krev eit riktig tal beitedyr, og at nokon driv skjøtsel, gjerne samtidig med gjeting.

Når det gjeld vilkåra for sauenæringa ser det ut til at dei er avhengig av fleire faktorar enn rovdyr. I alle fall sluttar folk med sau også i område utan rovdyr. Det er næringa sjølv som forhandlar om ein del av dei økonomiske virkemidla. Truleg er t.d. kostnader med gjerdehald eit av spørsmåla som kan påverke økonomien og lysta til å vere sauebonde ganske mykje. Gode gjerde kostar mykje og beiting i nærleiken av busetninga særleg vår og haust blir difor krevjande. Dette er eitt tema, truleg finst det fleire liknande.

Viss ein del av sauenæring får det som dei vil, så rovdyra kjem bort, men likevel blir det ikkje beita nok til at landskapet held seg ope, og til slutt så sluttar dei med sau likevel, då har alle tapt. Om sauenæringa gir opp og landskapet gror att, så vil det vere bra om vi i alle fall har ein del rovdyr i naturen vår.

Manglande felling av jerv – eit problem?
Kvotene i lisensjakta på jerv blir felt nokre stader, men i store område uteblir fellingsresultata. Dette blir gjort til eit stort problem og det kjem krav om hiuttak og andre etisk tvilsame metodar, basert på SNO og statsbudsjettet. Naturvernforbundet tykkjer dette ser heller underleg ut. Samtidig drar Ola til Kanada og Afrika på jakt fordi dei ikkje kan jakte i Noreg. Slike stader er dette stor næring.

Kvifor kan ein ikkje få til noko slikt her i landet? Nedsnøa sauebønder som klagar over dårleg utkome bør vel kunne selje jaktopplevingar under lisensjakta? Åtejakt anten med fotoapparat eller børse kan seljast, og som biverknad får ein skote nokre dyr, samtidig som bonden får timeløn gjennom turismen. Då bør ikkje jervejakta vere eit problem, men ein moglegheit.

Viss ingen andre har oppdaga det, så veit Naturvernforbundet at jegarane rundt Trollheimen harskjøna seg på slikt. Kan hende vil dei fortelje om løyndomane i dette til andre?