Naturlover blir ikkje vedtatt på Stortinget

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ola Borten Moe har vore veldig tydeleg. Det kan vere fordelaktig. Men heller ikkje han kan oppheve naturlovene. Når han seier at oljeutvinninga skal gå sin gang utan innblanding av klimaomsyn, då tar han feil. Stortinget vedtar lover når det er fleirtal for det, men det er ein type lover som sjølv stortingsfleirtalet ikkje kan gjere noko med – naturlovene. Naturlovene er vi alle nøydde til å bøye oss for.

Det er heilt feil å tru at ein kan ta opp all verdas olje og gass og svi det av utan at det får konsekvensar. Det vi alt har oppdaga av olje og gass er er meir enn nok til å få oss over kanten til det ukontrollerbare.  Det er ein av dei grunnleggande rettane menneske har at ingen får dytte oss så langt ut på kanten at vi ikkje kan kome oss opp igjen. Heller ikkje politikarar har lov til å dytte oss alle utfor ein  slik kant.

Elles seier Borten Moe at om ein legg pengar i å undersøke om det finst olje og gass, då er det eit uhøyrt sløseri ikkje å utvinne det ein finn. Då er det berre å stoppe seismikken i Lofoten med ein gong, så ein ikkje sløser med midla. Jan Mayen er heller ingen stad det er nødvendig å bruke pengar på å leite etter noko som helst. Vi har også nokre område på Mørekysten det ikkje skal vere noko oljeverksemd. I desse områda er det i tillegg til klimaomsyn også miljøomsyn som tel. Sidan det er unødvendig med natur, miljø og biologisk mangfald i verda til Borten Moe, så får vi andre hjelpe til slik at han ikkje får øydelegge alt. Borten Moe er ikkje allmektig, og han skal heller ikkje bli det.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i  Møre og Romsdal