Bruk av miljøgiftar i turstiar – Naturvernforbundet spør Surnadal kommune

Naturvernforbundet har fått nokre spørsmål om miljøvurdering av det arbeidet som er gjort på ein tursti gjennom Skeismarka i Surnadal sommaren 2010. Det går særleg på bruk av impregnert plank i våte område og transporten av desse materialane.

Naturvernforbundet har forstått det slik at det er brukt impregnert (grøn) material, dvs. ei impregnering med kopar. Sjølv om koparimpregnert material ikkje automatisk er å rekne som farleg avfall etter avfallsforskriften er ein del koparforbindalser giftige. Dei virker særleg på sopp og bakteriar, slik at ikkje desse skal bryte ned treverk. Lekkasjen frå koparimpregnert material er i alle fall 3 gonger så høg som for den gamle CCA-impregneringa, og når koparen lek til naturen er naturen også impregnert mot sopp og bakteriar. Slikt kan rote til det naturlege krinslaupet, og det bør ein jo gjere litt for å unngå så langt som råd.

Dei seinare åra er det utvikla alternative impregneringsmåtar som t.d. er giftfrie og svanemerka. Naturvernforbundet ber om å få dei vurderingane som er gjort i prosjektet når det gjeld bruk av impregnerte materialar og kva alternativ som har vore vurdert.

Elles er det i samband med opparbeiding av stigar ein betydeleg tradisjon for å bruke materialar frå staden, slik at ein reduserer transportbehovet, i tillegg til at ein ikkje fører inn t.d. framtidig ureining i form av t.d. koparhaldige materialar. Når det gjeld transporten av materialar vil vi spørje korleis dette er ordna med omsyn til lov om motorferdsel i utmark.

Vidare ønskjer vi å høyre om Surnadal kommune nytter seg av DN-handbok 27-2006 i prosjekteringa av turstigar som denne.

Naturvernforbundet viser elles til miljøinformasjonslova med omsyn til korleis våre spørsmål skal handsamast.

Les brevet frå Naturvernforbundet til Surnadal kommune