Rovvilt og makt

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Trøndelag.

Trønder-Avisa undrar seg på kor lite makt rovviltnemnda har. Det er i grunnen meir ein kan undre seg over når det gjeld norsk forvalting av rovvilt.

Rovviltnemndene er ein del av forvaltinga og gjer jobben sin på departementet si fullmakt. Dei skal passe på at rovviltet kan ha sin plass i økosystemet, samtidig som dei skal prøve å finne løysingar som gjer det litt enklare å vere beitebrukar. Det er jo heilt umogleg at alle skal bli nøgde med resultatet.

Tradisjonelt er dei fleste medlemmene av rovviltnemndene valde inn frå beiteprioriterande parti, og nokre i nemnda jobbar i landbruket. Det gjer jo ikkje oppgåva enklare, då ein må rekne med at beitenæringa dermed har dess større forventingar til resultatet. 

Det skal seiast at gaupebestanden er svært vanskeleg å måle, då det går ein sesong ekstra samanlikna med dei andre rovdyra før ein får kartlagd verknadene av jakt. Gaupa kryssar ofte grensa mellom beiteprioritert område og rovviltpriortert område.

Departementet avgjorde nyleg klagene på gaupekvota. Bakteppet er at gaupebestanden har vore under det nasjonale bestandsmålet i ein del år. Det er berre region 6 som har vore over regionmålet. Innstillinga frå administrasjonen bygde på råda frå Rovdata for å få ein bestand ikkje under målet, men nemnda plussa på nokre dyr også i år. Det har aldri vore nokon tradisjon for å grunngje dette i særleg grad, og heller ikkje gjere vurderingar etter naturmangfaldlova for dette tillegget.

Sidan det kan vere noko knapt med motførestillingar i nemnda, så blir det til at Naturvernforbundet svært ofte må sende ei klage på vedtaket. Det er nok lettare for departementet å drive forvalting. Dei held seg til rovviltforliket, men også andre vedtak Stortinget har gjort, som t.d. naturmangfaldlova. Vidare finst det nokre internasjonale konvensjonar som har noko å seie.

I år har departementet fastsett kvota i samsvar med den faglege tilrådinga frå Rovdata. Dei har sagt at når totalbestanden ligg under målet, er det viktig at bestanden i Midt-Noreg ikkje hamnar under målet. Det er då også naturleg å sjå om nabofylka kan få drahjelp. God bestand nord i Trøndelag vil kunne føre til ein auka bestand i Nordland. Dette er også ein del av rovviltforliket, å bringe ein bestand meir i samsvar med målet. For gaupe er vi under målet nasjonalt, og det skal gjerast aktivt arbeid for å gjere noko med det.

Naturvernforbundet har nesten årleg klaga på gaupevedtaket i region 6. Vi har ganske ofte fått delvis medhald i klaga vår. Resultatet er ofte at dei dyra nemnda har plussa på innstillinga frå sekretariatet dermed har blitt borte igjen. Utan Naturvernforbundet sine klager ville gaupebestanden også i Trøndelag og Møre og Romsdal vore under bestandsmålet. Vil rovviltnemnda ha makt, må dei forvalte innanfor det forvaltingsrommet som finst.

 

Hege Loholt                                                                  Øystein Folden

Naturvernforbundet i Trøndelag                             Naturvernforbundet i Møre og Romsdal