Anleggsveg til kraftverk skal ikkje bli permanent veg
Planutvalet i Vestnes vedtok i april 2016 at anleggsvegen til Sesskraft skulle bli liggande som allmenn turveg. Naturvernforbundet klagar på dette vedtaket.
Naturvernforbundet peikar i sin klage på at det i vurderinga av søknader om småkraftverk blir vurdert kor store dei permanente naturinngrepa vil vere som følgje av kraftverket. Ein måte å redusere skadane på naturmangfaldet, er å berre ha mellombels veganlegg, som etter utbygging blir tilbakeført til naturen. Dersom det blir slik at det etter at konsesjon er gitt blir laga ein ny søknad om å få gjennomføre fleire irreversible naturinngrep, er det opprinnelege vedtaket om løyve basert på sviktande føresetnader.
Naturvernforbundet er elles kritiske til argumentet om at all vegutbygging i natur skal vere bra for folkehelsa.