Naturvernforbundet vil ha miljøkrav til snøggbåtar
Tysdag 6. juni skal Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal drøfte anbod for snøggbåttrafikken i fylket. Naturvernforbundet ber utvalet om å innarbeide fleire miljøomsyn.
Generelt er det tre måtar å redusere forureininga frå snøggbåtar på:
-
Sikre at den enkelte båten forureinar minst mogleg.
-
Køyre minst mogleg med flest mogleg passasjerar.
-
Syte for at snøggbåten korresponderer best mogleg med buss i begge endar, slik at biltrafikken i det minste blir redusert.
Naturvernforbundet foreslår konkrete tiltak på alle felta.
Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet
Les brevet frå Naturvernforbundet til Samferdselsutvalet
Juridisk vurdering av hurtigbåtkjøp