Øystein Folden held fram som leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
På årsmøtet i Molde mandag 26. mars blei Øystein Folden attvald som leiar i Naturvernforbundet i fylket.
Folden er anleggsgartnar av yrke, og har vore leiar dei siste fem åra. Naturvernforbundet opplever aukande oppslutning og medlemstal.
Nestleiar i Norges Naturvernforbund, Synnøve Konglevoll innleia til miljødebatt på årsmøtet. Ho har bakgrunn som stortingsrepresentant, og la vekt på at arbeidet mot farlege klimaendringar og tap av naturmangfald ikkje berre er ei nasjonal sak. Konglevoll framheva den viktige rolla til kommunane i arbeidet med å skape eit samfunn med lågare klimagassutslepp.
I forkant av årsmøtet overleverte Naturvernforbundet to utfordringar til fylkestingsgruppene til dei politiske partia i fylket. Desse ligg under.
Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42 for avtalar og spørsmål.
Foredraget til Synnøve Konglevoll
Budsjett 2007 for Naturvernforbundet i Møre og Romsdal