Fråsegn til reguleringsplan for Litjvassbrekka steinuttak i Tingvoll

Tingvoll kommune har sendt ut på høyring reguleringsplan for steinuttak i Tingvoll. Naturvernforbundet har gitt fråsegn.

Først av alt vil Naturvernforbundet seie at det er bra at dette uttaket av stein kjem inn i planlagde og godkjende former. Ofte er det første uttaket det som har størst konsekvensar då eventuelt naturmangfald kan bli skadd frå første dag, og opne sår i terrenget oppstår også alt frå første sprenging. Det er viktig at kommunen følgjer opp dette, slik at andre aktørar innan bransjen også blir pålagt regulering. Det er veldig viktig at dei som har orden i drifta si slepp å konkurrere med andre som har tatt snarvegar.

Det vi har sett om bruk av naturmangfaldloven finn vi i fylkesmannen sitt brev av 2.3.2011:

”Vi vil også minne om at etter naturmangfaldlovas §7 skal prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde. Det skal derfor klart framgå av avgjersla korleis desse prinsippa er tatt omsyn til og vektlagt i vurderinga av saka. Manglande vurderingar etter naturmangfaldlova vil vere ein saksbehandlingsfeil.”

Vi finn eit avsnitt som er så vidt borti temaet i planbeskrivelsen:

”h)Biologisk mangfold, naturverdier og friluftsliv
Jf FM sitt innspill til oppstart: Steinbrotet ligg i utkanten av eit registrert naturområde. Dette er vist i Naturbasen (www.naturbase.no) kalla Litlvatnet (Koksvik). Litlvatnet er eit yngleområde for andefuglar. Dette vil ikkje kome i konflikt med tiltaket. Artskart er også konsultert og det er ikke registrert arter som kan komme i konflikt med tiltaket.”

I saksframlegget til formannskapet finn vi dette i vurderingskapitlet:

”Naturmangfoldloven
Det er ikke registreringer i Naturbasen eller i Artsdatabanken som tilsier at naturmangfoldet kan være truet. Kommunen har heller ikke kunnskap om tilsvarende, ut over tidligere nevnte grense til registreringene for Litlvatnet. Avstanden til Litlvatnet med omkringliggende våtmarker, til reguleringsgrensa, er ca 200 m, med en høydeforskjell på over 20 m. Det vurderes som lite sannsynlig at yngleområdet for ender kan bli vesentlig negativt påvirket av steinbruddet. Kravet til kunnskap i hht lovens § 8 vurderes å være oppfylt.”

Opplysningane som er nemnt seier i grunnen ikkje noko om det kan vere naturverdiar i området. Det er ikkje kjent om området er undersøkt, og utan undersøking vil det ikkje ligge noko i artskart eller naturbase. Viss ein ser etter i dei meir generelle kartleggingane som finst for Tingvoll, vil ein truleg finne formuleringar som ”Verken kartlagde områder eller andre områder er så godt kartlagd at det ikkje er trong for meir nøyaktige kartleggingar i samband med utbyggingsspørsmål.” Dette tilfredsstillar langt frå krava til at saka er tilstrekkeleg opplyst etter forvaltningsloven, og heller ikkje kunnskapsgrunnlag etter naturmangfaldloven. Det finst i tillegg fleire vurderingspunkt i naturmangfaldloven som må gjennomførast.

Eit hovudspørsmål frå vår side er også avrenninga gjennom bekkesystema i området til Litjvatnet. Vi har grunn til å tru at vatnet vil vere lettpåverka av endringar. Tilførsel av slam, og då kan hende med sprengstoffrestar, kan påverke dette vatnet svært negativt. Vi vil også minne om at tilførselsbekken austfrå går gjennom jordbruksområde, slik at ein eventuelt alt kan ha bruka opp eventuell buffer. Vassdirektivet sitt regelverk gjeld for vassdraget, og det må til vurderingar etter dette regelverket også.

Naturmangfaldloven §10 handlar om samla påverknad. I den seinare tida har det vore betydelege dyrkingsprosjekt ikkje langt unna, og tiltaket som er på høyring no kan til ein viss grad skje i same område, i alle fall når det gjeld trekkvegar for hjortevilt og anna vilt mellom Kirkeberget og Reitfjellet.

Når det gjeld innsyn og støy vil vi gjere merksam på at steinbrotet er relativt godt synleg frå Reitgrenda. Derifrå høyrast også mesteparten av verksemda, sidan ein ligg omtrent i amfivinkel. Sjølv om støynivået held seg innafor grensene, vil støyen frå steinuttaket påverke. Ei ettermiddagsstund på verandaen vil ikkje vere det same med eit steinknuseverk i gang. Lyden frå steinknusar/sorteringsverk kan ha ein karakter som gjer at ein legg veldig merke til han. Dette kan venteleg avbøtast ved at driftsperioden i sommarperioden er kortare utover ettermiddagen enn elles i året. Kortvarig opplasting vil ikkje opplevast på same måten, så det vil truleg vere mogleg å skilje mellom kontinuerleg støy og kortvarig støy i dette høvet.

Støy representerer ein skilnad mellom land og by. I byen vil ein alltid ha ein bakgrunnsstøy som ein lett kan bli sliten av. På landet har vi meir støy enn før, men likevel i mindre omfang enn i byane, og dette er ein trivselsverdi som det er viktig å ta vare på. Dette er ein av grunnane til at ein bør bu i Tingvoll.

Oppsummering:

Naturvernforbundet ber om at det blir klarlagt kva verknader tiltaket vil ha for naturen i området. Vidare at driftstida blir avgrensa, i alle fall sommarstid. Innsynstilhøve bør også vurderast noko meir.