Naturvernforbundet kritiske til helikopterflyging til skifilm i Trollheimen

Naturvernforbundet klagar vedtak i Verneområdestyret for Trollheimen inn for Klima- og miljødepartementet.

Visit Nordmøre og Romsdal har søkt om dispensasjon til å bruke helikopter ved filming av skikøyring i Trollheimen.

Naturvernforbundet peikar i klagen på at det blei gitt løyve til tilsvarande flygingar i 2011 og 2012, med grunngjevinga at dette ville gi fine bilete av Trollheimen og friluftslivskvalitetane der. Ein ville då ha biletmateriale for lang tid framover. Naturvernforbundet har ikkje fått med seg at Trollheimen etter den tid er ombygd og forandra på ein slik måte at det no må filmast på nytt.

Det som har forandra seg sidan 2012 er namnet på utøvarane som skal renne ned fjellsidene og fargen på ski og klede. Naturvernforbundet motsetter seg at Trollheimen skal nyttast til motevisningar for stadig nye ski, klede og utøvarar. Dette oppfattar Naturvernforbundet også er i tråd med vedtak i Klima- og miljødepartementet i oktober 2013, som peika på at det må gå ei tid mellom kvart løyve dersom behovet for marknadsføring av Trollheimen som arena skal vere grunngjevinga for å gi dispensasjon til motorferdsel i naturvernområde.

Naturvernforbundet peikar vidare på at det generelt har vore ei auke i motorferdselen i Trollheimen knytt til rovviltforvaltninga si kartlegging. Visit Nordmøre og verneområdestyret har heller ikkje vurdert om filminga kunne skje utanfor verneområda.

Behandlinga av søknaden er ikkje gjort i tråd med reglane i § 12 i naturmangfaldlova. Rovfugl er særleg utsatt for forstyrringar i perioden 1. februar – 1. juli, altså den same perioden som det er søkt om. Samstundes manglar Visit Nordmøre kunnskap om kvar i området sårbare rovfuglar hekkar, slik at forsikringar frå søkar om å unngå skade på dyreliv har liten verdi.

Naturvernforbundet ber også om at vedtaket får utsett iverksetting; altså at Visit Nordmøre ikkje får løyve til å flyge før klagesaken er avgjort.