Fylkestinget og Verma

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Fylkestinget gjorde eit utruleg vedtak på sist ting. Det kan berre forståast viss mange av representantane har fått svært mangelfull informasjon. Manglande tanke for kva dette vedtaket betyr gjer det verre. Vedtaket om å gå for inntak ved Storhaugen har tre svært alvorlege sider.

Vern av vassdrag i Noreg har ei historie tilbake til 1960-talet. I 1963 sa Einar Gerhardsen: «Så lenge kampen står mellom det enkelte vassdrag, kan det alltid mobiliseres så mange argumenter, og så mye politisk press, at utbyggingssynet seirer. For å unngå en slik utvikling, der Norges enestående natur spises opp bit for bit, er det nødvendig å få en samlet plan, der man binder opp og konkret fastslår hvilke vassdrag som skal fredes, og hvilke vassdrag som skal bygges ut.»

Så seint som på 1970-talet blei Rauma-Ulvåa-vassdraget vurdert som vassdraget med størst kvalitetar i Sør-Noreg, og det var berre Vefsna i Nord-Noreg som blei vurdert å ha dei same høge verdiane. I småkraftutbygginga kan ein sjå ein kraftig tendens i retning av at dei mest lønsame vassdraga blir bygd ut og til slutt innser ein at det var synd det var «kloakkbekken» som blei igjen til vern når ein vakna til erkjenning om at alt ikkje kan byggast ut. Verneplanane skal ein ikkje tukle med på grunnlag av ein interpellasjon.

Verneplanane er også ein avtale mellom mange partar. Her er utbyggingsinteresser, grunneigarinteresser og friluftsinteresser som alle vil ha sitt. I tillegg har vi naturverdiane som dessverre stadig ikkje kjem til orde i debatten, sjølv om slike som Naturvernforbundet stadig prøver å minne om at dette må telje med sjølv om naturen ikkje har fått røysterett. Verneplanane er på ein måte ei delelineavtale, der ein svært forenkla kan seie at representantane for naturverdiar og friluftsliv har fått garantiar om å behalde noko for å halde fred når alle dei andre interessene legg vassdrag etter vassdrag i røyr. At Rauma-Ulvåa kom med i verneplan IV er ein del av garantien utbyggarane gav, mot å legge andre store vassdrag i røyr. Når ein har brukt opp varene kjøpt i butikken går det ikkje an å gå i butikken og krevje pengane tilbake for så å handle meir. Den slags opplegg liknar meir på plyndring og anarki, og det er ikkje metodar fylkestinget kan sleppe unna med.

I tillegg til ran blei det vel også gjort eit underslag i dette fylkestinget når ein kan kalle Storhaugen som det mest miljøvennlege alternativet for å bygge ut meir kraft i fylket, slik Jon Aasen hevdar til Åndalsnes Avis 23.4. Først av alt er det ikkje tale om fordobling av produksjonen med Storhaugeninntak. I dag er produksjonen 70 GWh, revisjon av kraftverket i noverande inntaksdam gir 120 GWh og Storhaugeninntak gir 20 GWh meir, ei auke tilsvarande eit småkraftverk. Når det gjeld miljøkostnadene blir det ei lang liste. Villreinen bruker Vermedalen til beite og trekk i dag. Elva frå Altervann til noverande inntaksdam vil bli overført i tunnel til Storhaugen i staden. Verma mellom Storhaugen og noverande inntaksmagasin sommarstid vil i alle fall ikkje bli større enn i dag. Med kraftstasjon lenger ned enn samløpet mellom Verma og Rauma vil ei slik utbygging føre til redusert vassføring i Rauma og dårlegare tilhøve for laksen. Laksen treng ikkje dårlegare tilhøve enn no. Nedover Romsdalen blir det behov for ei stor ny kraftline som luftleidning, og det er noko heilt anna enn ein revisjon i noverande alternativ der ein kan få lagt den eine av dei to noverande kraftlinene i Romsdalen i jordkabel på lange strekningar. Lista kan gjerast lenger.

Om ikkje forslagsstillar Jon Aasen skjønar at han står Rauma Energi AS for nær til å sjå heilskapen i denne saka, bør i alle fall fylkestinget finne seg andre rådgjevarar og så gjere om det vedtaket som blei gjort i Geiranger. Undrast forresten kvifor fylkestinget held seg i Geiranger. Kan det skuldast dei kvalitetane ein har der som følgje av at natur og ein god del vatn er verna?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen