Naturvernforbundet har høge forventningar til klimaplanane til kommunane

Mange av kommunane skal no lage klima- og energiplanar. Naturvernforbundet presenterte sine forventningar til desse klimaplanane på ei samling i Molde tysdag 30. oktober 2007.

Naturvernforbundet sine utfordringar til dei kommunale klima- og energiplanane er kort oppsummert slik:

Ja til klimaplanar: Kommunane er viktige i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa. Det er difor bra at kommunane startar arbeidet.

Ambisiøse mål: Klimautfordringane er formidable. Arbeidet må basere seg på at vi skal få utsleppa i kommunen ned på eit globalt berekraftig nivå.

Brei medverknad: For å få gjennomført ”upopulære” tiltak, som t.d. stopp i vegbyggingar, er det nødvendig å sikre at flest mogleg er involvert i klimaplanarbeidet og ser kva utfordringar vi har og kva effektar dei ulike tiltaka har. Både organisasjonar, næringslivet og politikarane må vere med frå starten.

Brei tilnærming: Klimaplanen må ta for seg alle klimagassutslepp og alle sektorar, og foreslå tiltak som monnar. Alle steinar må snuast!

Konkrete tallfesta tiltak: Dei tiltaka som klimaplanane ender opp med å foreslå må vere kvantifiserte, det må vere synleg kva klimanytte tiltaket vil ha, i tillegg til kva det vil koste.

Solid forankring: For å unngå at klimaplanane blir berre papir, er det viktig at sjølve tiltaka blir forankra i budsjetta, økonomiplanane og i kvardagen til kommunepolitikarane.

Feie for eigen dør: Ein kommune som skal rå andre til å redusere klimagassutsleppa sine må feie for eigen dør. Kommunen må gjennomføre klimatiltak i eiga verksemd, Miljøfyrtårn er ei ordning fleire av kommunane bør vurdere.

Tilpasning er tema: Klimaendringane er allereie i gang. Dette gir kommunane nye utfordringar, og dette må dei forholde seg til.

Dette skal vi tene penger på: For å løyse klimautfordringane må vi erstatte enorme mengdar fossil energi med fornybar, og vi må bli mykje flinkare til å nytte energien vår. Dette opnar eit stort kommersielt rom; korleis kan kommunane spele ei rolle for å få til næringsutvikling?

Hugs det globale fotavtrykket til kommunen: Klimautfordringane er globale. Det er mange tiltak som bør gjennomførast i ein kommune ettersom dei gir store klimagassreduksjonar ein eller annan stad på jorda. Auka gjenvinning av avfall og auka bruk av økologisk mat er døme slike tiltak, som også bør drøftast i ein kommunal klimaplan.

Dette kan DU gjøre: Det er viktig at ein kommunal klimaplan innehalder informasjon til innbyggjarane om korleis kvar enkelt kan redusere klimagassutsleppa sine.

Årleg rapportering: Kommunane må lage klimarekneskap, dermed blir det mogleg å måle endringar og om tiltaka har effekt.

Utfordringane blei presenterte for nesten halvparten av kommunane i Møre og Romsdal på ei samling i regi av KS. Det var Øystein Solevåg, styremedlem i Naturvernforbundet, som presenterte utfordringane til kommunane. Foredraget hans er tilgjengeleg på nettsidene til Naturvernforbundet på www.naturvern.no/moreromsdal.

Øystein Solevåg har telefon 40 23 47 05.

Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringer

Foredraget til Øystein Solevåg

Veilederen Enova har laget til kommunene