Marknadsføring av rein og miljøvennleg straum

Naturvernforbundet har spurt Forbrukerombodet om ei annonse.

Naturvernforbundet er kritiske til at energiselskap marknadsfører straumen sin som rein og miljøvennleg.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har sendt brev til Forbrukerombodet om dette.

Epost til Forbrukerombodet 9. oktober 2013:

I www.vg.no finn eg i dag ei annonse som har som blikkfang «Denne strømmen er både miljøvennlig og billig». Blikkfanget fører vidare til telinet og lenka under.

Tidlegare har det vore ulovleg å marknadsføre straum/energi som rein, grøn eller miljøvennleg. I denne annonsa bruker dei både rein og miljøvennleg.

Vi ber om ei orientering om regelverket er blitt forandra, og ein reaksjon viss det ikkje er tilfelle.

Helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden