Start vernearbeid i Langedalsvassdraget i Sunnylven
Dette vedtok Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på årsmøtet 20. mars 2006.
Langedalsvassdraget er det mest verneverdige vassdraget på heile Sunnmøre og i Nordfjord. Langedalselva er, frå ho startar i grensa mot Stryn, Hornindal og Ørsta, til Hellesyltfossen kastar seg i Sunnylvsfjorden, i dag heilt utan kraftverk og andre alvorlege inngrep. Dette gjer at ein må trå varsamt, og vere klar over kva enorm verdi eit slikt intakt vassdrag har, og vil ha i framtida, ikkje minst som referanseområde. Naturvernforbundet ber difor olje- og energiministeren om å stoppe behandlinga av søknadene om kraftutbygging og å sørge for å at det blir starta ein verneprosess for Langedalsvassdraget.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre
Olje- og energidepartementet sitt vedtak om utbygging av Tryggestad kraftverk