Ja

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Svaret er ja. Kristian Finset skal få eit todagarsbesøk av leiaren av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i løpet av sommaren, slik han inviterer til.

Det er ikkje første gongen Naturvernforbundet er invitert i lag med beitebrukarar til møte og lærdom om beitedyr og rovdyr. Ein av dei siste gongene var det noko Fylkesmannen i Møre og Romsdal kalla for dialogmøte, halde på Åndalsnes november 2011. Der var det folk med innlegg frå Direktoratet for naturforvaltning, SNO, Mattilsynet, Rovdata, Fylkesmannen og Rovviltnemnda. Dei tala om rovviltforliket, korleis kartlegge rovdyrbestanden best mogleg, korleis felle kvotene mest mogleg effektivt og ordningane med erstatning. NJFF som interesseorganisasjon fekk halde innlegg også, og det var ein grundig runde andre dag med omsyn til beitesituasjon og tapsfaktorar der kommunar og beitedyrorganisasjonane slapp til.

 Ti minutt før avslutningslunsj andre dag var tida komen til Naturvernforbundet. Ikkje for eit innlegg som dei andre, men vi fekk i alle fall seie noko.  Som dei einaste i forsamlinga kunne vi då seie litt om kvifor det finst rovdyr i norsk natur, at rovdyra er der for at dei har ein funksjon og ikkje fordi nokon som vil bønder vondt vil ha dei der. Kanskje er det ein del av rovdyrkonflikten dette også at ein ikkje bruker litt meir tid på denne sida av saka. Kan hende er det viktig for dialogen at ein ikkje berre overser denne dimensjonen. Kan hende kan vi kome inn på noko av dette i Eikesdal i sommar?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal