Berdalselva og fakta

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Pål Engen som ønskjer å bygge kraftverk i Berdalselva har nokre synspunkt i Åndalsnes Avis 18.3. som godt kan få ein kommentar.

Naturtypar av regional verdi

Naturvernforbundet reknar med at utbyggar ikkje likte særleg godt at det i 2006 blei registrert verdiar som forandra kartet over naturgrunnlaget i området. Dette skjedde som ledd i den kommunale kartlegginga av det biologiske mangfaldet i området. Som kartet frå naturbasen viser ligg den planlagde inntaksdammen inne i ein naturtype av regional verdi. Dette er ikkje noko Naturvernforbundet har fabrikkert. Vi har grunn til å tru at verdiane var der også i 2005, men undersøkingar betalt av utbyggar har lett for å vere meir avgrensa, og då kan slikt bli oversett. Kva gjer ein så med opplysningar som kjem til litt ute i saka? Viss nokon skal grave ut hustomt og finn eit vikingskip, kva gjer dei då? Grev vidare, sidan vikingskipet ikkje var kjent då dei begynte planlegginga? Det er eit faktum at dei politiske krava til vassdrag i gul sone ikkje er oppfylt. Då må vel vassdraget handsamast på same måten som om det ligg i raud sone.

Minstevassføring

Kva sa vassdragsplana om minstevassføring? Den seier noko om ei minstevassføring basert på nedslagsfelt. For Berdalselva ligg det i fagrapporten ein merknad om at vassføringa må vurderast nærare av to grunnar:

– Vannføringens betydning for opplevelsen langs traséen mellom Berill og Slettvikane (Friluftsliv)

– Vannføringens del av totalbildet rundt den restaurerte kverna (Landskap)

Den einaste vurderinga vi kjenner til av vassføringsspørsmålet er det NVE som har gjort i sitt vedtak. Det er ikkje rett å bruke rapporten som dokumentasjon av at minstevassføringa som var omsøkt er greitt, for rapporten var med atterhald på dette punktet. Elles har NVE i det seinare i stor grad gått over til nye prinsipp når det gjeld fastsetting av minstevassføring. Dei gjer større skilnad på sommar- og vintervassføring. Dette for å avspegle naturleg variasjon i større grad enn før. Dette har blitt viktigare sidan så mange vassdrag blir bygd ut. Spør ein firma som vurderer vassføring på biologisk grunnlag vil dei ofte seie noko anna no enn dei gjorde i 2005.

Synfaring

Naturvernforbundet har ikkje for vane å møte på synfaring. Systemet er slik at utbyggar har ansvar for at alle fakta som har verknad for saka skal ligge på bordet når søknaden blir sendt på høyring. Så skal ulike mynde ta stilling til om søknaden kan føre fram til eit løyve eller ikkje. Det er ikkje Naturvernforbundet som handsamar søknadene, men det er Naturvernforbundet si interesse å sjå til at aktuelle mynde tek i vare også dei omsyna vi har med å gjere, då særleg biologisk mangfald og friluftsliv. Normalt har vi då ikkje bruk for å vere til stades ved synfaring.

Elles er det slik at utbyggar har i utsikt å få inntekter av tiltaket. Dei andre som møter opp er oftast tilsette nokon stad og får løn for å vere der. Viss Naturvernforbundet møter opp tar vi oss fri frå yrket vårt for å vere til stades. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ingen tilsette. Vi er idealistar, men brukar ikkje 20-30 arbeidsdagar pr. år på synfaring av vassdrag som vi ikkje ønskjer skal bli bygd ut. Naturvernforbundet må bygge på medlemmer sin kjennskap til området frå før og dei dokumenta som finst i saka. I samband med klagehandsaming er det langt meir truleg at vi er med på synfaring.

Kvaliteten på søknaden:

Det er ein del tilhøve knytt til vassdragsutbygging som det er lett å dokumentere med bilete. Slike bør ligge ved saka. Ein del av dei som handsamar desse sakene vil aldri kunne vere til stades på ei synfaring. Det gjeld t.d. politiske organ som formannskap eller utval o.l. Statsråden som no skal ta stilling til klagesaka vil lite truleg vere til stades på ei synfaring. Men det er samstundes viktig at dei som deltek på synfaringar kontrollerar at vedlagt biletmateriale gir eit balansert bilete. Sjølv for dei som deltar på synfaringane er det gunstig å ha bilete å støtte seg på etterpå. Det bør vere i søkjar si interesse å legge fram bilete. Manglande bilete kan mellom anna tolkast slik at søkjar ikkje vil vise fram det som vedkjem utbygginga.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal