Naturvernforbundet om Tjørvåg kraftverk i Herøy

Naturvernforbundet er invitert på synfaring i samband med planane om å byggje Tjørvåg kraftverk i Herøy. Sjølv om organisasjonen ikkje har høve til å stille, er det ikkje av mangel på kritiske spørsmål til prosjektet.

Naturvernforbundet viser til si tidlegare fråsegn til prosjektet.

Eit av hovudspørsmåla i vår høyringsfråsegn var å få ei vurdering av dei få vassdraga som finst i Herøy i denne storleiken og få dei vurdert samla slik at ein ikkje kjem i skade for å bygge ut det mest verdifulle (på andre verdiar enn vasskraft) vassdraget i kommunen. Det ser ikkje ut til at synfaringa har lagt opp til å sjå på denne sida av saka. Naturmangfoldloven somer gjort gjeldande frå 1.7.2009 set sterkare krav til nemnte type vurdering enn før.

Vi varsla i vår fråsegn at det vil vere sannsynleg at Naturvernforbundet vil klage om det blir gitt løyve utan at ei slik samla vurdering for området er gjort, og denne saka er truleg eigna for å få prøvd naturmangfoldloven § 8 når det gjeld kunnskapsgrunnlag om aktuelle naturtypar somblir råka. Vi tykkjer det er greitt at dette er varsla frå vår side, slik at NVE kan ta høgde for dette spørsmålet, også ved synfaringa.

Det er fleire spørsmål som vi tok opp i vår fråsegn. Naturreservatet i Tjørvågosen, sider vedvegframføringa og minstevassføring har vi spesielt tatt opp, og vi går ut frå at våre synspunkt blir sett på/vurdert sjølv om vi ikkje er til stades.