Aure: Naturvernforbundet presenterte strandsoneutfordringane
I samband med den nye kommuneplanen til Aure kommune, var Naturvernforbundet invitert til å seie noko om utfordringane i strandsona.
Fylkesleiar Øystein Folden presenterte arbeidet Naturvernforbundet gjør med strandsonesaker og grunngjevinga for at Naturvernforbundet i mange saker går mot utbygging i strandsona. Presentasjonen blei halde på eit folkemøte på Aure gjestegård.
– Naturvernforbundet er glade for å bli invitert til slike samlingar, og har von om å bli invitert fleire gonger, seier Folden.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet