Innkalling til årsmøte i Naturvernforbundet i Tingvoll
Som følgje av koronasituasjonen blir møtet digitalt. For å vere med må du melde deg på til foldengp@start.no innan 8.2. Har du spørsmål om dette, kontakt leiar Øystein Folden.
ÅRSMØTE
Årsmøtet blir onsdag 10. februar kl. 20.00.
Som følgje av koronasituasjonen blir møtet digitalt. For å vere med må du melde deg på til foldengp(a)start.no innan 8.2. Har du spørsmål om dette, kontakt leiar Øystein Folden.
Saksliste:
– Val av ordstyrar.
– Styret si årsmelding.
– Revidert rekneskap.
– Saker frå styret.
– Saker som er framlagt av medlemmene innan 5.2.
– Budsjett og arbeidsprogram.
– Val av leiar og styremedlemmer*.
– Val av utsendingar til fylkeslaget sitt årsmøte.
– Val av kandidat til fylkesstyret
– Val av delegat til landsmøtet
– Val av valkomité og revisor.
* Ingen blir vald utan først å ha blitt spurd og sagt ja. Viss du gjerne vil bli spurd, så sei gjerne frå om det. Marit Linberg og Trond Eri er valkomite.
Helsing
Øystein Folden
918 12 542