Algesuppe i Tingvollvågen – er det greitt?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Koksvikelva i Tingvoll er ein gjengangar i visse høve. Det går ikkje så lange tida mellom kvar gong Naturvernforbundet får melding om at no lukter det av elva, eller no er det mykje algar. Nokre gonger er det tale om at sjøen er brun frå Koksvikelva og utover vågen eit stykke (Akkurat no er heile fjorden grå, som følgje av flaumen i Driva, men det er noko anna). Dei siste par vekene har det vore grønt av algar som har fått si næring frå Koksvikelva og andre kjelder.

Kommunen seier at dei ikkje får pengar til å jobbe med saka. Vi trur ikkje at kommunen ikkje bryr seg av den grunnen. Men det er no ikkje greitt med ureining av vassdrag når kommunen ikkje har sett av pengar? Desse utsleppa kjem ikkje frå lause lufta. Det er ein samla sum av mange bidrag til denne ureininga, men mange av dei ulike bidraga er det nokon som kjenner og har ansvar for.

Dei klassiske utsleppa av silosaft har bøndene god oversikt over. Det er vel ingen som slepp ut silosaft med vilje lenger. I den seinare tida har ein fått liknande verknad frå grasballar som blir lagra nær vassdrag. Det bør også vere råd å gjere noko med, ved å lagre på stader der det ikkje renn ut i vassdrag.

Det er vel ingen lenger som har møkkakjellaren ope så møkka renn ut. Nokre lar til og med vere å køyre næraste stripa mot elva med gjødselspreiaren når tilhøva ikkje er trygge, men ikkje alle.

Det er eit steinbrot som kan ha avrenning til Litjvatnet og Koksvikelva. Frå sprengingsverksemd kan ein få utslepp av nitrogen, i tillegg til finmasse. Det skal vere ordningar slik at mesteparten blir igjen i små basseng før det kjem så langt som til bekken. Dei siste åra har bekken frå steinbrotet og ned til Litjvatnet ofte gått grå etter regnver. Det må vere noko som er i uorden.

Skogsdrift gir djupe køyrespor som blir vassførande når det kjem mykje nedbør. Då blir det med jord i vatnet. Nydyrking gir også sine bidrag.

Frå gamalt blei det tippa boss i elveskråningar. Slikt ser ein spor av også langs Koksvikelva. Mykje har grodd ned, noko blir vaska fram igjen. Det lever sitt eige liv, sjølv om verknaden truleg vanlegvis er liten.

Det er i grunnen viktig at alle som driv med verksemd langs vassdraget gjer sitt til at jord og gjødselstoff ikkje renn ut i elva. Vassdraget har fått sine bidrag over lang tid, og har nok fått meir enn det toler dei siste åra. Problemet er der no og skulle ha vore løyst for fleire år sidan. Mykje kan vere øydelagd alt no, og meir blir det om ingen tar ansvar. Politikarane kan ta sin del med å løyve pengar på neste kommunestyremøte.

Det er ikkje berre om Koksvikelva Naturvernforbundet får meldingar. Problemet gjeld mange vassdrag i jordbrukssona i kommunen.

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Tingvoll